NAUTICAT 321 INFORMASJON
Nauticat 321 er ein dekkshusseglbåt bygd til svært høg standard i Finland mellom 1999 og fram til konkurs i 2018; i overkant av 100 båtar blei bygde, dei fleste i varierande grad av kundetilpassing.
Dette er ei samanstilling av informasjon (hovudsakleg frå kjelder på internett) om konstruksjon og byggeteknikk for Nauticat 321, modellversjon "Sport", som er ein versjon med djupare kjøl og høgare mast enn standardversjonen; informasjonen presenterer min båt med utstyr og spesifikasjonar pr. desember 2026.
Grunnleggjande data
Total lengd 10,00 m
Lengd i vasslinja 8,30 m
Breidd 3,24 m
Djupn 1,80 m
Deplasement 6 tonn
Mastehøgd over havflata 14,9 m
Seglareal 55 m2 (genua og storsegl)
Skrog
Skroget er bygd i massivt enkeltlaminat glasfiber, på det tjukkaste mellom 25-35 mm. Det er ei fast stålplate for festing av motorfestene.
Båten har eit omfattande system av langsgåande og tverrgåande forsterkningar som er støypte fast i skroget for å gje maksimal stivleik. Denne byggeteknikken er ein viktig grunn til at båten veg seks tonn.
Dekk
Båten har dekk i handlagt laminat kombinert med innstøypte dekksbjelkar av polyuretanskum (lukka cellestruktur som ikkje trekk vatn), som er overstøypte med glassfiber på undersida.
Alle overflater, inkludert styrehustaket, har sklisikker overflate. Ankerbrønn er i fordekket, med elektrisk ankervinsj på dekk; det er òg ein elektrisk ankervinsj på hekken.
Det er seks kraftige pullertar, vindauge i herda sikkerhetsglass opphengt i aluminiumsrammer.
Båten har rekkje i rustfrie stålrøyr (316 syrefast).
Utvendig teak er behandla med rein kinesisk treolje.
Kjøl
Kjølen består av ein glassfiberseksjon som utgjer en del av skroget, dvs. kjølsvinet; derifrå heng den eksterne ballast blybulben på 1,8 tonn. Ballasta er sikra med 8 syrefaste stålbolter i to parallelle rader, og innvendige støtteplater i rustfritt stål.
Sidan Nauticat 321 har dekkmontert mast, går det ei kraftig støttesøyle i rustfritt stål frå dekket og ned til kjølområdet. Denne søyla overfører alt trykket frå masta direkte ned i den solide kjølkonstruksjonen. Ein av kjølboltane fungerer òg som hovudjordingspunkt for lynnedslagvern, slik at eit eventuelt lynnedslag blir leidd direkte ut i vatnet via blykjølen.
Ror og styring
Roret er eit semibalansert spaderor med finne (skeg). Finnen går eit stykke ned langs rorstammen, til vern mot slag.
Rorstammen er laga i kraftig, syrefast rustfritt stål, dimensjonert for å tåla dei store kreftene som oppstår når båten går for motor i høg fart eller seglar i grov sjø.
Roret har eit kraftig rorlager rett under dekk/styreposisjon, og eit nedre lager der rorstammen går gjennom skroget (rorgjennomføringa).
Sjølve rorbladet er bygd opp av to halvdelar i glassfiber (GRP), som er limte saman rundt eit innvendig rammeverk av rustfritt stål (sveisa fast til rorstamma), der holrommet er fylt med skum.
Båten kan styrast både frå styrhus (med autopilot) og frå sitjebrønn med ratt/autopilot; han har òg eit feste for ein naudrorkult, tilgjengeleg via ei luke på akterdekket. Det er hydraulisk styring.
Rigg
Båten er mastetopprigga, og har Seldén rullemast med doble, bakovervendte salingar. Masta er 14,9 m høg over havflata. Det er dobbelt fokkestag («solent-rigg») – ytterst ei 145 prosent genuofokk og innerst ei kryssfokk, begge på rull. Båten har ein gennaker i strømpe. Løygang er på hyttetaket.
Seglingseigenskapar
Seglareal (storsegl og genua) 55 m² ; dobbelt fokkestag
- storsegl på rullemast 23 m² (Qantum Sails utan spiler, 2026)
- genua på rullestag 32 m² (2014) og lettvinds genua på rullestag (Gran Seil 2026)
- kryssfokk på rullestag 19 m² (Elvstrøm med spiler 2021)
-stormfokk 6,0 m²
- gennaker i strømpe 71,0 m²
Seglareal til deplasement er 17 (turseglar med gode segleigenskapar)
Ballast til deplasement er 30 prosent (moderat)
Deplasement til lengde er 300 (tung)
Komfortgrad (Ted Brewer) er 31 (høg komfort i sjø)
Formel for kantring (Capsize Screening Formula) er 1,8 (havgåande, klasse A)
Stabilitet, AVS (Angle of Vanishing Stability) er 115-120 grader (havgåande, klasse A)
Skroghastighet er 7 knop
Komfort og interiør
Nauticat 321, som andre dekkshusbåtar, har fleire nivå under dekk, for at det skal vera råd å ha salong og styreposisjon med utsyn mot sjø og land. Båten har om lag 1,9 m støhøgd under dekk.
Det er salong med styreposisjon og salong på eitt nivå, bysse, toalett med dusj, og to lugarar på eit lågare nivå. Det er ikkje ståhøgd i akterkabinen.
Innreiinga er i mattlakkert heiltre teak og teakbelagt marin kryssfiner, unntatt i bysse og toalett, som har lyse laminat; dørk av teakbelagt marin kryssfiner med lyse trestriper, golvteppe i styrhus, toalett dørk med sluk.
Båten har dieselvarme over alt under dekk; handspylt toalett med septikktank, 12 volts og 230 volts anlegg (inverter), landstraum, dusj, varmt og kaldt vatn, to-bluss gass kokeapparat, 230 V elektriske omnar i forpigg, toalett og dekkshus, kjøleboks.
Motor og framdrift
Båten har ein ferskvasskjølt, tresylindra Yanmar 3JH3E (40 HK) dieselmotor utan avansert elektronikk; kjend for å vera enkel og svært driftssikker.
Framdrift er med foldepropell montert på aksling; Maxpower baugpropell.
Instrument og utstyr
Ein del instrument er frå byggeår, med oppgraderingar fram til no:
Vindmålar i mastetopp, mastemontert radarreflektorog radar, autopilot styring inne og ute, AIS sendar og mottakar, kartplottar inne og ute, givar for fart i sjø, sjøtemperatur og sjødjupne i skroggjennomføring; ymse instrument for vind, fart osv. inne og ute, VHF radio inne, TV, radio/stereo, 5G ruter for mobilt internett, Victron batteristyring som kan fjernstyrast over internett, avfuktar med wifi.
Båten har 250 l dieseltank, to vasstankar på til saman 440 l, septikktank, ei automatisk og ei manuell lensepumpe.
_____________________________________________________________________
English version
NAUTICAT 321 INFORMATION
NAUTICAT 321 INFORMATION
The Nauticat 321 is a deck saloon sailboat built to a very high standard in Finland between 1999 and the company's bankruptcy in 2018; just over 100 vessels were built.
This is a compilation of information (primarily from online sources) regarding the construction and building techniques of the Nauticat 321—specifically the "Sport" model, which features a deeper keel and a taller mast than the standard version. The information presented here pertains to my specific boat, including its equipment and specifications as of 2026.
Basic Data
Overall length: 10.00 m
Waterline length: 8.30 m
Beam: 3.24 m
Draft: 1.80 m
Displacement: 6 tonnes
Mast height above sea level: 14.9 m
Sail area: 55 m² (genoa and mainsail)
Hull
The hull is constructed from solid, single-skin fiberglass laminate, reaching a thickness of 25–35 mm at its thickest points. A fixed steel plate is incorporated for mounting the engine.
The vessel features an extensive system of longitudinal and transverse reinforcements, which are bonded into the hull to ensure maximum rigidity. This construction method is a primary reason for the boat’s six-tonne displacement.
Deck
The deck is constructed using hand-laid laminate, incorporating integrated deck beams made of polyurethane foam (a closed-cell structure that does not absorb water), which are covered with a layer of fiberglass on the underside. All surfaces, including the wheelhouse roof, feature a non-slip finish. An anchor locker is located in the foredeck, equipped with an electric anchor windlass on deck; there is also an electric anchor windlass at the stern.
The vessel is fitted with six heavy-duty cleats, and the windows—made of tempered safety glass—are set in aluminium frames.
The boat features a stainless steel (grade 316, acid-resistant) railing.
Exterior teak elements are treated with pure Chinese wood oil.
Keel
The keel consists of a fibreglass section integrated into the hull—the keel stub—from which the external lead ballast bulb (weighing 1.8 tonnes) is suspended. The ballast is secured by eight acid-resistant stainless steel bolts arranged in two parallel rows, supported internally by stainless steel backing plates.
As the Nauticat 321 has a deck-stepped mast, a robust stainless steel support pillar runs from the deck down to the keel area. This pillar transfers the full load from the mast directly into the solid keel structure. One of the keel bolts also serves as the primary grounding point for lightning protection, ensuring that any lightning strike is conducted directly into the water via the lead keel.
Rudder and Steering
The rudder is a semi-balanced spade rudder with an integrated skeg. The skeg extends partway down the rudder stock, providing protection against impact.
The rudder stock is constructed from heavy-duty, acid-resistant stainless steel, dimensioned to withstand the significant forces encountered when the vessel is under power at high speed or sailing in rough seas. The rudder features a robust rudder bearing located just below the deck/steering position, and a lower bearing where the rudder stock passes through the hull (the rudder port).
The rudder blade itself is constructed from two fiberglass (GRP) halves, bonded together around an internal stainless-steel framework (welded to the rudder stock), with the cavity filled with foam.
The vessel can be steered from both the wheelhouse (equipped with an autopilot) and the cockpit (using a wheel/autopilot). It also includes a mounting point for an emergency tiller, accessible via a hatch on the aft deck. The steering system is hydraulic.
Rig
The boat features a masthead rig with a Seldén furling mast and double, swept-back spreaders. The mast height is 14.9 m above the water surface. It utilizes a dual-forestay configuration (“Solent rig”)—an outer 145% genoa and an inner working jib, both on furling systems. The boat also carries a gennaker with a snuffer (sleeve). The mainsheet traveler is located on the coachroof.
Sailing Characteristics
Sail area (mainsail and genoa): 55 m² Double forestay setup
- Mainsail on in-mast furling system, 23 m² (Quantum Sails, battenless, 2026)
- Genoa on furler, 32 m² (2014), and light-wind genoa on furler (Gran Seil, 2026)
- Working jib on furler, 19 m² (Elvstrøm, with battens, 2021)
- Storm jib, 6.0 m²
- Gennaker in a sock, 71.0 m²
Sail area-to-displacement ratio is 17 (cruiser with good sailing performance)
Ballast-to-displacement ratio is 30 percent (moderate)
Displacement-to-length ratio is 300 (heavy)
Comfort ratio (Ted Brewer) is 31 (high comfort at sea)
Capsize Screening Formula value is 1.8 (ocean-going, Class A)
Stability (AVS – Angle of Vanishing Stability) is 115–120 degrees (ocean-going, Class A)
Hull speed is 7 knots
Comfort and interior
Like other deck-saloon yachts, the Nauticat 321 features multiple levels below deck, allowing for a saloon and an inside helm station with views of the sea and land. There is approximately 1.9 m of headroom below deck.
The saloon—incorporating an inside helm station—is located on one level, while the galley, head (with shower), and two cabins are situated on a lower level. There is no standing headroom in the aft cabin. The interior features matte-varnished solid teak and teak-veneered marine plywood, with the exception of the galley and head, which have light-colored laminate. The flooring consists of teak-veneered marine plywood with light-colored wood strips; there is carpeting in the wheelhouse, and the head floor includes a drain.
The vessel is equipped with a diesel heating system throughout the below-deck areas; a manual-flush toilet with a holding tank; 12-volt and 230-volt electrical systems (with an inverter); a shower; hot and cold running water, cool box; a two-burner gas stove; and 230V electric heaters in the forepeak, the head, and the deckhouse.
Engine and propulsion
The boat is equipped with a freshwater-cooled, three-cylinder Yanmar 3JH3E (40 hp) diesel engine, which lacks complex electronics and is known for being simple and highly reliable.
Propulsion is provided by a folding propeller mounted on a shaft; there is also a Maxpower bow thruster.
Instruments
Some instruments date back to the year of construction, with various upgrades made over time:
Masthead wind sensor, mast-mounted radar reflector and radar, autopilot controls (internal and external), AIS transceiver, chartplotters (internal and external), thru-hull transducer for speed, water temperature, and depth; various instruments for wind, speed, etc. (internal and external), VHF radio (internal), TV, radio/stereo, 5G router for mobile internet, Victron battery management system (remotely controllable via the internet), and a Wi-Fi-enabled dehumidifier.