For ei tid tilbake tok eg til orde for å begrensa huskattens frie ferdsel, som er til forarging for naboar og ein fare for fuglelivet. Eit anna skriftstykke tok til orde for avskaffing av det private, naturøydeleggjande og ekskluderande hyttelivet.
Eg er ikkje skapt for å kvila på upopularitetens laurbær, så no er det tids for å sjå nærare på skigåing. Påstanden om at nordmenn er fødd med ski på beina er ikkje sann; det er truleg sannare at denne forflytninga ved hjelp av to lange fjøler på snødekt mark er blitt eit symbol på norsk oppdagarkolonialisme i kalde strok - Nordpolen, Grønland og Arktis, i tillegg til at det i svært få deler av landet har vore risikosport for barn og ungdom.
Det er ingen grunn til å fremja skigåing, verken som spesiell norsk aktivitet å vera stolt av, eller som helsebringande aktivitet.
Skigåing er ei belastning på vårt helsevesen; dei få gongene mine næraste og eg har skada armar eller bein har det oftast vore på ski. Er ein sers uheldig involverer ein slik skade både hjelpekorps, bilambulanse, og kanskje også helikoptertransport, i tillegg til utgifter for sjukehusopphald, tapt arbeidstid og sjukepengar i vekevis betalt av det offentlege; for ikkje å snakka om tapt arbeidsforteneste for arbeidsgjevar.
Utan skigåing kunne Raudekrossen kanskje blitt brukt til noko meir nyttig enn tid i fjellheimen for å redda kløner på ski.
Den moderne skirenninga er gjerne i maskinpreparerte løyper, kanskje til og med laga med kunstig snø; oftast også nedoverbakke, med motorisert hjelp oppoverbakke - skadeleg både for både miljø og natur, i tillegg til dei mange fallulukker i skiheisar.
Promotering av skigåing som normal ferdsel på snødekt mark er like tåpeleg som å anbefala sparkesykkel utan bremser for ferdsel i by. To lange fjøler fast festa til føtene, opp og ned bakke, på eit underlag med lite friksjon, er eit arrangement som bare ventar på at ei ulukke skal skje.
Skisporten har også lagt grunnen for nordmenns største vinteraktivet - sofasliting framfor ein TV-skjerm, glanande på menn og kvinner som skyt blink, hoppar, skrævar eller renn med ski på beina. Denne aktiviteten, og sirklinga rundt norske prestasjonar i ein sport som nokre få rike og kalde land driv med, er også eit trugsmål mot all intelligent og medvitsutvidande samtale rundt lunsjbordet.
Truger, derimot, gjer den same naturopplevinga som ski, legg ikkje beslag på verken hjelpekorps eller helsevesen, og er også mykje betre trim for kroppen enn renning på ski.
God vinter!