Putin som tsar er eit velkjend tema i vestlege media.
I ti år har eliten i Europa nøra opp om eit intenst Putinhat, og engasjert seg i spekulasjonar om hans personlegdom, personlege og politiske ambisjonar, hans påstått direkte deltaking i likvidasjonar av politiske motstandarar, og ikkje minst hans påståtte planar om å byggja eit russisk imperium basert på okkupasjon av sentral- og Vest-Europa, med Ukraina som fyrste milepæl.
Nesten ingen statsleiarar er direkte og personleg involvert i likvidasjonar av motstandarar eller fiendar; men i moderne tid veit me at president Obama var involvert i utpeiking av dronemål i Afghanistan og Pakistan, at Trump var personleg involvert i likvidasjonen av iranske Suleimani (som til og med vår eigen Cecilie Hellestveit meinte ikkje var folkerettsstridig), og at Mohammed bin Salman kanskje var involvert i mordet på Jamal Ahmad Khashoggi. Om Putin har involvert seg i å ta livet av motstandarar så er han i alle fall i godt selskap blant våre allierte.
I to år har det vore klårt at Ukraina, eit av Europas fattigaste og mest korrupte land, kulturelt splitta og langt på veg styrt av oligarkar, med ein hær trent og utstyrt av NATO, aldri kunne vinna ein krig mot Russland, som oppfatta krigen som eksistensiell. For den som dagleg fylg med i media har drivkrafta for vår tru på ukrainsk siger vore eit intenst Putinhat.
Sjølv har eg aldri forstått dette Putinhatet, som plutseleg oppstod for om lag ti år sidan.
I Asia, der eg bur deler av året, er Russland og Putin både respektert og verdsett.
Skuldast vårt Putinhat vår manglande toleranse overfor autoritære leiarar? Neppe, for då måtte ein visa same avsky overfor ei rekkje statsleiarar med autoritære trekk.
Det juridiske, men ikkje nødvendigvis det politiske, grunnlaget for Russlands invasjon var FN-prinsippet Responsibility to Protect , fordi om lag 14000 hadde døydd i ein borgarkrig mot ein undertrykt russisk minoritet; viss dette er forkasteleg for Russland, burde det ikkje vore like forkasteleg då NATO brukte same prinsipp for åtaket på Libya (som nesten ingen norske politikarar har teke avstand frå)?
Er det prov for at Putin i lang tid, både i tale og skrift, har gjeve uttrykk for utsletting av Ukraina og har territoriale ambisjonar vestover, eller er slike påstandar eit resultat av våre kreative tolkingar? Som det heiter: "Ekstraordinære påstandar krev ekstraordinære prov"!
Manglar Putin legitimitet i eige folk i større grad enn andre statsleiarar? Slett ikkje; hans popularitet i det russiske folket har stige bratt dei siste tre åra, og er no litt under 90 prosent.
Er eit Russland leia av Putin ein uønska og uforutseibar samarbeidspartnar blant det store fleirtalet av verdas nasjonalstatar? Slett ikkje; Russland driv eit utstrakt diplomati, og er ei hovuddriftkraft i utviklinga av BRICS (ti land) og Shanghai Cooperation Agreement (ti land).
Kort sagt, til no har ingen makta forklåra meg kvifor Putin er ein så mykje verre statsleiar enn mange andre. Dei fleste statsleiarar er i varierande grad demokratiske og autoritære, krigerske og fredsæle, i varierande grad respektert av eige folk og andre nasjonar, og i varierande grad rasjonelt handlande. Verken Putin, Gahr Støre eller Trump er unntak i så måte.
Putinhatet har også rot i intellektuell avundsjuke, for Putin er ein av få statsleiarar som kan presentera eit langt og logisk samanhengande resonnement for open mikrofon; du treng ikkje vera samd i innhaldet, men du kan ikkje nekta for at argumenta heng saman. President Trump, derimot, er nett det motsette; han er ikkje i stand til å resonnera verken i politisk samtale eller som intervjuobjekt; knapt to setningar heng logisk ihop. Dei fleste av våre politikarar kan heller ikkje dette i serleg grad, for dei er lærte opp til å snakka fort og slagordaktig inntil dei blir avbrotne av ein journalist eller ein meddebattant; når norske politikarar set namnet sitt under ein kronikk kan ein derfor med ganske stor visse seia at dette har dei ikkje skrive sjølve.
Eg har derfor komme til den konklusjonen at det ikkje er den rasjonelle skrift- og taleføre juristen og statsleiaren Putin, omgjeve av like rasjonelle rådgjevarar (Lavrov, til dømes), med tydelege og velartiklerte mål, som bør psykoanalyserast; snarare er det nøkkelpersonar tilhøyrande eliten i det politiske vest som bør underkastast mentalundersøkjing for å finna opphav til irrasjonell eventyrpolitikk, uhyrlege påstandar og blindt hat.