Beijing, mars 2026
Det uprovoserte amerikansk-israelske angrepet på Iran har pågått i nokre dagar. Det er lenge sidan eg slutta å undra meg over USA og Israels mange forklaringar for å rettferdiggjera ein angrepskrig, men kanskje hadde eg venta noko meir frå den sjølvproklamerte etikkens høgborg i Europa. Manglande direkte kritikk av angriparar, men eksplisitt kritikk av Iran for landets angrep på amerikanske militærbasar i regionen seier sitt om nivået!
Som med mykje anna må eg ein tur innom Kina for å forstå vestverdas undervurdering av sine konkurrentar og fiendar som fylgje av hybris og arroganse. Så her er min freistnad på å setja mi undring inn i ein vidare samanheng:
I over førti år har eg observert Kina, budd der i mange periodar over same tidsbolk, og fulgt godt med på vestverdas mange tolkingar, analyser og meiningar om Kina. Eg har etter kvart komme til den konklusjonen at det meste av dette er ei blanding av dårlege analyser, feilaktige konklusjonar og direkte løgner. Ta med deg eit knippe bøker, artiklar og analyser om Kina som reiselitteratur på ei rundreise i landet, så vil du kanskje forstå at Kina-navigasjon etter kartet som denne litteraturen teiknar ville gjera deg ytterst forvirra. Her er eit lite utdrag av dei vanlegaste vestlege påstandane om Kina, destillert frå denne lektyren over dei siste åra:
økonomien viser teikn til stagnasjon, med fare for kollaps
problem i bustadsektoren rokkar ved heile Kinas investeringsbaserte utviklingsmodell
eit system styrt av eit kommunistparti har ikkje evne til reform og innovasjon
demografisk kollaps er nært foreståande
den kinesiske middelklassa si uvilje mot konsum stoggar økonomisk utvikling
systemet er djupt undertrykkande og kunstig halde oppe av ekstrem vekst
kinesiske byar er øydelagte av forureina luft
det er ekstrem undertykking i regimets geografiske (og kulturelle) periferi Xinjiang, Tibet og Hongkong
Med denne reiselektyren i kofferten skal du ikkje ha teke meir enn drosjetur frå flyplassen inn til Beijing eller Shanghai før du skjønar at terrenget ikkje stemmer med kartet du har orientert deg etter. Gjer du deg meir kjend med land og folk forstår du snart at det er ein godt utdanna og høgt motivert arbeidar- og middelklasse som understøttar Kinas styrke både politisk, industrielt, teknologisk og kulturert, ikkje eit diktatorisk kommunistparti. Denne styrken har vore observérbar lenge i Kina, men no òg i vestverda i form av eit utal høgteknologiske kinesiske produkt. Og likevel kan det synast som om dette kom som ei overrasking på oss.
Min neste observasjon gjeld andre land som sorterer under vår trugsmålskategori, fyrst og fremst Russland og Iran. Begge desse landa har, mot alle odds, klart å byggja moderne samfunn, rett nok ikkje utan problem og indre konfliktar. I vår del av verda blir dei framstilte like eindimensjonalt som tilfellet har vore for Kina. Iran, det einaste landet i Midtausten med element av demokrati, og det einaste landet i regionen der kvinnelege studentar på universitet utgjer over 60 prosent av studentmassen, blir presentert som eit ekstremt kvinneundertrykkande diktatur. Og nett no fører Iran ein krig med avanserte og presise einvegsdroner og rakettar, og landet er eitt av tre land i verda som har hypersoniske rakettar (dei to andre er Russland og Kina), som ikkje noko rakettforsvar kan øydeleggja.
USA, vår hovudallierte, og den fremste utøvar av uprovosert angrepskrig i moderne tid, har ikkje lukkast i sine militære angrep, men har til gjengjeld gjort det godt i propagandakrigen, og har (nesten) fått oss til å tru at einaste årsak til Kinas mange problem er kommunistpartiets diktatur, at rotårsaka til Russlands problem er den vonde herskar Putin, og at Irans utviklingsvanskar utelukkande skuldast eit undertrykkjande islamsk presteskap. Nyansar og kompleksitet er blitt borte i ei tjukk propagandaskodde.
Derfor har eg gradvis komme til den konklusjonen at det er me i vestverda som er hjernevaska; som har trudd på propagandaen om at det kinesiske folket lever i eit aggressivt, undertrykkande, vaklande og fargelaust diktatur, at det er Iran, omkransa av familiediktatur basert på billig, importert arbeidskraft, og ein aggressiv apartheidstat, som er det eigentlege diktaturet i regionen, og at det er shiamuslimske Iran som eksporterer terrorisme, og ikkje sunni-islams wahabisme.
Det bør heller ikkje overraska oss at vestverdas kritikk er hardast mot det mange vel å kalla sivilisasjonsstatar, som Russland, Iran og Kina, med lang historie som omfattar mange nasjonale identitetar og stort kulturelt mangfald. Når desse sivilisasjonsstatane i tillegg er rike på naturressursar eller har omfattande industri og handel, er den vestlege propagandekrigen på høggir.
USA og vestverda har provosert, og står bak, både krigen i Ukraina og krigen i Iran. Og krigen mot Iran er òg ein angrepskrig mot BRICS, Russland og Kina, og ein forsvarskrig for eit vestleg hegemoni i Midtausten leia av Israel.
Åtaket mot Iran har vist at amerikanske militærbasar ikkje gjev tryggleik - tvert imot, og at USAs løfter om tryggleik er tomme ord. Denne krigen har vist at Israels tryggleik går føre tryggleiken til andre statar i regionen, ja USA har til og med demontert rakettforsvar i Sør-Korea for å verna Israel. Noko å tenkja på for andre land, inkludert Noreg, med amerikanske militærbasar på sitt territorium?
Åtaket har òg vist at styresettet i Iran langt frå er så svakt som ein vil ha det til her i vår del av verda, og at det er godt organisert og godt væpna for ein langvarig krig.
Det er all grunn til å tru at det må teiknast eit anna politisk kart etter at desse to krigane er avslutta, og kanskje ser me konturen av eit styrka Russland, Iran og Kina, eit svekka Europa, eit rasistisk Israel under avvikling, og eit USA med svekka truverde.