Statsminister Jonas Gahr Støre har vitja Kina - eit etterord
Våre politikarar som vitjar land med eit anna politisk system enn vårt uttalar seg gjerne og ofte om interne, komplekse konfliktar og politisk-kulturelle utviklingsprosessar i vertslandet, på like tynt grunnlag som kinesiske politikarar med skråsikre meiningar om minoritetspolitikk i Finnmark.
At vår statsminister, som vitja Kina i september 2024, kan bidra til eit opplyst ordskifte om Tibet, Xinjiang eller Hong Kong er vanskeleg å tenkja seg. Problemstillingar omkring kinesiske minoritetar, terrorverksemd og integrering av ein tidlegare koloni er komplekse og langt utanfor kompetanseområdet til dei fleste av våre politikarar. Når me til overmål har vald å kategorisera nesten alle desse problemstillingane under merkelappen "brot på menneskerettar", blir politiske samtaler om desse tema bare tomme ritual som i hovudsak tener til å skora poeng for å prova at det er me som eig definisjonsmakta for kva som er rett og gale, at det er me som bestemmer kva for menneskerettar som er viktige, og at det er demokrati og styresett slik me definerer dei som er standarden som andre system skal målast opp mot. Slik arroganse og hybris er som eit kulturelt herpesvirus; det ligg nærast latent hos dei fleste i vår del av verda (venstresida er ikkje noko unntak), og dukkar opp når ein minst kunne venta det. Så kunne heller ikkje vår statsminister under sitt Kina-besøk i september 2024 makta styra unna den nærast rituelle kritikken av Kinas menneskerettar, sjølv om han som utanriksminister i 2011 var ein nøkkelperson for Noregs deltaking i det massive og uprovoserte angrepet på Libya same år, som førte til Libyas statskollaps.
Lat oss snu på flisa og sjå korleis me som vertsland ville reagert på fylgjande rapport frå eit framtidig møte mellom den norske og den kinesiske statsministeren i desember 2049:
NTB Nova, 24. desember 2049
Den kinesiske statsministeren Zhang Meilin vitja Noreg i byrjinga av desember, og hadde drøftingar med den norske statsministeren Alma Underdal. Fleire tema blei drøfta, blant anna overføring av kompetanse frå Kina, serleg innanfor miljøteknologi. Underdal uttrykte også ynskje om kinesiske industrielle investeringar i norsk industri.
Den kinesiske statsministeren understreka at Kina er svært interessert i å utvikla samarbeidet med Noreg, og at landets stilling utanfor EU representerte eit stort potensial for samarbeidet. Imidlertid uttrykte statsminister Zhang bekymring for framtida til den norske styringsmodellen, der over 25 politiske parti med svært likelydande program konkurrerer om veljarane ved hjelp av automatiserte reklamekampanjar styrt av kunstig intelligens. Stadig skiftande norske regjeringar har ført til at fleire viktige bilaterale avtalar innanfor det som tidlegare blei kalla det grøne skiftet ikkje har blitt ratifiserte av norske styresmakter.
Statsminister Zhang tok også opp klagemål som Kina og fleire asiatiske land har med omsyn til norsk behandling av immigrantar og minoritetar, serleg dei frå land med stor muslimsk befolkning. Den kinesiske statsministeren viste til ein rapport utferda av Ibrahim Situmorang frå Muslim Academy of Borneo, som gjennom satellittfoto har dokumentert minst fire interneringsleiar i Noreg. Ei mindre gruppe asylsøkarar, som hadde flykta frå Noreg til Russland, hevda også at det fann stad brutal integrering (i praksis assimilering) av innvandrarar gjennom eit statsfinansiert opplæringsprogram som blei gjennomført under tvang. Den norske statsministeren understreka at det ikkje er snakk om interneringsleiar, men skular ansvarlege for integreringsprogram.
Til sist uttrykte statsminister Zhang bekymring over norsk deltaking i ei større militærøving i regi av NATO i Gulehavet mellom Kina og Korea, ei øving som fann stad bare fire veker etter at det i oktober i år blei semje om Taiwans gradvise, men fulle integrering i Folkerepublikken Kina.