Septologien - filosofi og gudstru
04.12.23
Tankar omkring Jon Fosses septologi
Jon Fosses "Hardangernynorsk" er ein fryd å lesa. Han nyttar stor bokstav som verkemiddel når noko skal uthevast, skyr punktum, men elskar komma. Fosses tekst lærer oss at rytme i lesinga kompenserer for mangel på reglar. Skrivemåten er irriterande til å byrja med (vel, dei fyrste to hundre sidene for min del), men etter kvart vert det sjølvinnlysande at livet til Asle og Ales må forteljast slik - i ein oppattakande og kvernande ordstraum om nokre få tema og nykkelhendingar.
Asles kvinner i livet har enten ei mystisk dragning (Guro), eller dei er resolutt nærverande (Ales), og mykje tyder på at det er forholdet til Ales som fører til Asles omvending til katolsk kristendom.
Hovudpersonens filosofi og gudstru er det ikkje så lett å få tak på - det endar opp i paradoks, der rasjonaliteten må setjast til side for å berga trua. Kanskje er Asle ein middelmådig filosof, men kanskje er det også slik at konvensjonell katolsk kristendom gjev dårleg råmateriale for religiøs undring - det er trass alt ei rekkje dogmer ein lyt akseptera for å bli teken opp i den katolske trua, og som ein praktiserande katolikk ikkje utan vidare kan forkasta.
Kristendom står sentralt i septologien; ein religion med opphav i forteljingar frå Vest-Asia; ein handlande, men opphøgd gud, som ofte er misnøgd med skaparverket sitt, og difor straffar gjennom sjukdom og naturkatastrofar, og som krev ofring av levande dyr (og menneske) for å verta blidgjort. Guden har også eit favorittfolk som han rettleiar, straffar og hjelper, alt etter som stoda er.
Jesus-kulten, basert på jødedom, seinare kjend som kristendom, vart litt etter litt forma og endra under påverknad av gresk-romersk kultur; frå stammereligion til global religion, og frå streng monoteisme til kvasi-monoteisme med etter kvart fleire gudar og gudeliknande vesen i form av den treeinige gud, Møya Maria og helgenar, og ved at han tok opp i seg det hellenistiske skiljet mellom sjel og lekam.
I kristendommen er synd og skuld sentralt, og fyrst når synd er sona er guden nådig og kjærleg, elles er han både streng, hemngjerrig og dømmande.
Alle desse elementa ser det ut som at Asle har godteke; hans gudstru har funne kvile på eit tidspunkt mellom Paulus i det fyrste hundreåret og Meister Eckart om lag tolv hundre år seinare - her er ikkje spor at teologisk oppdatering frå dei siste åtte hundre åra.
Asle i septologien, "tenkjer" ("....og alltid desse tankane, desse tankane som ingen stad fører, tenkjer eg........") omkring si romersk-katolske gudstru, og kontemplerer, eller mediterer, i form av bøner både på latin og nynorsk - fjernt frå Bibelens hebraisk, arameisk og gresk - og med god hjelp av både rosenkrans og kross.
Det verkar som Fosse skjønar at Asles religiøse strev står overfor ei umogleg oppgåve, for kristendommen gjev ikkje betre svar på det me i vår kulturkrins kallar "store spørsmål" enn norrøn mytologi, som dei fleste av oss meiner har gått ut på dato.
Alt i alt kan ein ikkje anna enn å ha medkjensle med Fosses hovudperson, som freistar filosofera rundt trua på sinna- og nådeguden Jahve og sonen hans; kanskje hjelper ein dose Meister Eckhart, men sikkert er det ikkje.
Går det betre når Asle nyttar kristentrua, med si krinsing om synd, skuld, dom og straff, som råvare for kontemplativ eigautvikling for mental balanse? Eller fører det katolsk-kristne truskomplekset til angst snarare enn sinnsro? Kanskje tyder hans mekaniske oppattaking av ymse standardbøner, og då serleg skuldelementa i desse bønene, meir på det fyrste enn det siste; får me eit svar etter lesing av septologiens sju bøker og ni hundre sider?
Elles las eg Asles tenkjing om kunst og målarkunst med stort utbytte - me skal trass alt vera glade for at han vart kunstmålar, og ikkje filosof eller teolog!