17.01.22
Me som har levd ei stund er vakse opp med idéen om at vern av liv er ein spesiell vestleg verdi som står lågare i kurs både i Asia og Afrika. Ein oppgradert versjon av denne tvilsame teorien er idéen om at menneskerettar og vern av liv er typisk for land som praktiserer demokrati slik Vesten har definert det. Statistikk frå dei to siste års pandemi viser noko anna (sjå nedanfor).
Vestens media har heilt sikkert tenkt ut mange kreative forklåringar - at statistikken for Kina er feil, at Kinas resultat er motivert av propaganda og ikkje av omsorg for vern av liv, at prisen det kinesiske folket betaler for resultatet er altfor høg, at me ikkje kan blanda vern av liv under ein pandemi med menneskerettar, og at nokre vestleg-demokratiske land kan visa til nesten like gode resultat.
Det er tvilsamt at media og politikarar tek inn over seg nederlaget denne statistikken faktisk viser - ikkje at sosialistiske Kina er litt betre enn kapitalistiske USA og Noreg, men stiller i ein heilt annan klasse med omsyn til smittevern og vern av liv under pandemien.
Kan me vona om litt større audmjuke når me anklager andre for brot på menneskerettar i framtida?