Økonomisk vekst i Kina og USA


10.11.20

Det er ein seigliva myte at kapitalismens fortrinn er rask økonomisk vekst. Men er det sant? Her er historisk statistikk frå 1953 til og med 2020 som viser økonomisk vekst i Kina og USA. Gjennomsnittleg vekst i USA i heile perioden er 2,9 prosent; i Kina 8,3 prosent. Ein lyt sjølvsagt ha i tankane at den amerikanske økonomien i store deler av denne perioden (men kanskje ikkje dei siste ti åra) har vore ein god del meir utvikla enn den kinesiske. 

Til samanlikning har økonomisk vekst i sosialdemokratiske Noreg i omtrent same periode (1953-2011) vore 3,4 prosent, altså nokså lik veksten i den amerikanske økonomien.

Skal me våga oss på den påstanden at eittpartistaten Kina i denne tidbolken ikkje er mindre dynamisk enn topartistaten USA?

(oppdatert mars 2021)


Klikk på lenkje  Vekst USA og Kina