14.10.20 

Byggjing av open trimaran W17 starta

Fritida kan fyllast med så mangt; nokre har dilla på kjøp av vesker, klede og sko, andre mekkar bil og motorsykkel som nesten aldri forlet garasjen; andre kosar seg på hytta, nokre driv med allslags oppussingsobjekt i eigen heim; mange køyrer land og strand i bubil, nokre flyg eller køyrer i timevis for å sjå damer eller menn som spring etter ein ball; andre fråtsar i TV-seriar eller leitar etter gamle kjærastar på fjesboka; alt dette er vel og bra, og kvar har vel sin smak. Sjølv har eg har dilla på allslags fartøy utan motor - kano som ein kan ro framlengs, padla eller segla, kajakk med segl, ein Wales-bygd stor robåt med to master, ein franskkonstruert seglbåt med senkekjøl, ein fransk/polsk trimaran med kabin under bygging i Polen, og no ein open trimaran der ein norsk pensjonist med båtbygging som hobby er engasjert. Kan denne maritime besettelsen finna sin årsak i mine fiskargener frå Bakkasund, eller det faktum at min bedehusfar nekta meg å bli med i sjøspeidarane i unge år? Kven veit.....

Det er mange opne fleirskrogsbåtar under 20 fot på marknaden (flest katamaranar), men svært få har makta kombinera komfort, tryggleik og fart - inntil eg fann trimaranen W17 - konstruert av Mike Waters, som har over førti års røynsle med fleirskrogsbåtar.  Teikningar blei kjøpte, og planar sette i verk for bygging.

Båtkonstruktøren for den nye båten er 86 år, båtbyggjaren er 79, og sjølv er eg 66 - det lovar godt med tanke på røynsle, og det er å vona at dette geriatriske trio-samvirket framleis er oppegåande når båten er ferdig ein gong utpå våren 2022. Sjølv om alderen ikkje tilseier at me har god tid, har eg vald å ikkje hasta med bygginga, så har me tida på oss til å finna gode løysingar. 

Litt byggteknisk og logistisk kompleksitet byd prosjektet også på (heldigvis) - bygging i Hvittingfoss nær Kongsberg; konstruktør som bur på den amerikanske austkysten, kryssfinér levert frå Danmark, segl sydd i Polen, og karbonmast truleg bygd i Polen; og eg for tida i Kina. Her kan mykje skje undervegs!

Planen er å ha båten liggjande i Ramsvig for sjøsetjing frå tralle i den utmerka båtrampa der.