Vestlege myter om det kinesiske samfunnet

17.05.20 

Om me ser bort frå den mest primitive og uinformerte kritikk av det kinesiske samfunnet, som hovudsakleg er botna i antisosialisme og sjablongmessige krav om duplisering av det vestlege val-demokratiet, eksisterer det ein kritikk av det kinesiske samfunnet på eit noko høgare nivå, i hovudsak i form av følgande myter:


Samfunnsmyter

Den fyrste myten er at det kinesiske folkets pakt med det styrande kommunistpartiet er å likna med Fausts pakt med Satans sendebod Mefistofeles, dvs. at det kinesiske folket tolererer kommunistpartiets styre så lenge det gjev vekst og materiell velstand. Min førebelse påstand, både på bakgrunn av styresmaktene si handtering av finanskrisa og no under koronakrisa, er at tilhøvet mellom det kinesiske folket og styresmaktene er betre og meir solid enn nokon gong i Folkerepublikkens syttiårige historie.


Den andre myten er at det kinesiske sivilsamfunnet er veikt; at det både er lite utvikla, undertrykt og ikkje i stand til folkeleg mobilisering, og på sitt beste kan det bare kommmanderast til innsats. Koronakampen, med frivillige innsats, frivillige tiltak, i hovudsak fråvær av ordensmakt til gjennomføring av tiltak har gjort til skamme denne myten også.


Den tredje myten er at liv og død på individuelt nivå ikkje er viktig i Kina. Koronakampen har vist det motsette - der ein i Vesten kalkulerer med at sjukeheimspasientar like gjerne kan døy med (eller av Covid-19) som noko anna, har pasientar i alle aldrar vore like viktige i Kina. Etter mitt syn kan dette i hovudsak forklårast med den konfusianske respekt for dei eldre.


Økonomiske myter

I mange år verserte det ein myte om den kinesiske økonomiens snarlege kollaps; forklåringane for denne kollapsen har variert - frå mangel på stor nok marknadssektor til stivbeinte finansielle institusjonar og mangel på demokrati. Denne myten mangla etter kvart så mykje kredibilitet at han etter kvart er blitt borte.


Ei anna økonomisk myte er at den kinesiske økonomien, med sin store statlege sektor, er lite effektiv. Det kan vera noko sant i denne kritikken med omsyn til utnytting av ressursar, men om effektivitet skal målast med omsyn til respons i krisesituasjonar har den kinesiske økonomien vist seg sers effektiv.


Ei anna økonomisk myte er at det er lite nyskaping i den kinesiske økonomien. Om ein meiner produkt-nyskaping, er dette delvis sant; slik var det også i økonomien til Sør-Korea og Japan i ein tidleg fase. Nyskapinga i kinesisk økonomi frå 1978 og utover var hovudsakleg organisatorisk og strukturell - ein søkte gode modellar for å kombinera plan og marknad, kontroll og fridom. I dag er det innovasjon i den kinesiske økonomien innanfor alle område, kanskje spesielt innanfor elektronikk og kunstig intelligens. I Vesten har ein ei naiv tru på at innovasjon er ein separat aktivitet, lausrive frå industrien. Kinesisk innovasjon er, som all god og nyttig innovasjon, praktisk og industriell.Get Started N