Beijing, 23. februar 2025
Dette er ei oppfylgjing av ein tidlegare artikkel - "Seks geopolitiske lærdommar".
Freden er mindre øydeleggjande, men ofte meir komplisert, enn krigen; det veit me frå Versaillesfreden, Korea, Balkan, Irak, Libya og mange andre land.
Paradoksalt nok var Sovjetunionen, opphavet til Russland, med på å skipa ein fred med Finland som i det store og heile var særs vellukka – Finland blei både fredeleg, rikt og fritt.
Freden etter Ukrainakrigen vil vera lett å bera for USA, men særs vanskeleg for den europeiske politiske eliten. Spørsmål melder seg i fleng:
1. Er Russland på erobringstokt i Europa, med Ukraina som fyrste offer?
Kor er provet for at dette er tema i nyare russisk politisk debatt, rapportar og analyser? Er det ikkje snarare vårt fantasifoster for å tvinga fram ein svartkvit tankegang? Og viss dette verkeleg er vårt syn, er ingen ting meir meiningsfullt enn framhald av krigen for å stogga Russlands ekspansjon vestover; då er det heller ikkje meiningsfullt å forhandla om fred.
2. Er dialog- og lyttebasert diplomati mindre effektivt enn trugsmålsdiplomati?
Me har gløymt at effektivt diplomati er dialog med, og lytting til, fyrst og fremst dei som tenkjer og prioriterer annleis enn oss, ikkje posisjonering, anklager og avvising av dialog. Amerikansk «all options on the table»-diplomati har vore ein slett læremeister; betre då stilen til indiske S. Jaishankar, russiske Sergej Lavrov og kinesiske Wang Yi.
3. Er krig vegen til fred i Europa?
Freden skulle fyrst sikrast ved Russlands kollaps grunna sanksjonar. Det var ei feilvurdering; det nye målet var å sikra freden ved Russlands krigsnederlag. Ny feilvurdering; rådande syn til no er at framhald av krigen skal betra Ukrainas forhandlingsposisjon; det motsette har skjedd. Det politiske vest hadde ingen annan modell for fred enn eit svekt Russland diktert av krav sette av vestverda og Ukraina. Ein balansert, framforhandla tryggleiksmodell for Europa som inkluderer eit sterkt Russland har vore utenkjeleg for oss.
Ukraina, eit av Europas fattigaste og mest korrupte land, kulturelt splitta og langt på veg styrt av oligarkar, kunne aldri vinna ein krig mot Russland, som oppfatta krigen som eksistensiell. Korleis kunne våre politikarar, spesialistar og media tru noko anna?
4. Har me rett analyse av andres styrke?
Som Kina-observatør i mange tiår har det alltid undra meg kor fundamentalt feilaktig vestverdas politiske og økonomiske elite vurderer andre lands styrke – «Kina er på kollapsens rand og manglar evne til innovasjon, Russland er ein bensinstasjon forkledd som eit land», osv. Men me veit no at russiske våpen ikkje står tilbake for våre, at russisk økonomi er motstands- og omstillingsdyktig, at det russiske militærindustrielle komplekset er vårt overlegent, med stor eskaleringskapasitet, og at styresmaktene har folkets støtte.
5. Har me ei feilaktig forståing av Europa i NATO?
Den europeiske politiske eliten har omtalt NATO som ein fredsæl, demokratisk klubb med opent medlemskap for alle. I praksis set USA dagsordenen, og er både sjef og portvakt. Europa er no ein forsmådd, underordna alliert. Me bør innsjå at eit USA-leidd NATO har utspelt si rolle for eit fredeleg Europa, og at me derfor aktivt bør søkja alternativ.
6. Har me rett modell for vår forsvarsindustri?
Europas forsvarsindustri har til no vore eit supplement til den amerikanske. Men Europa må byggja sin eigen forsvarsindustri, med korte forsyningslinjer og effektiv logistikk, offentleg eigd eller privat og langsiktig, med eskaleringskapasitet (i praksis overkapasitet). Noreg må etablera elektromekanisk industri for produksjon av våpen, eigne skipsverft for konstruksjon, byggjing og reparasjon marinefartøy, og me må utdanna ingeniørar, sveisarar, platearbeidarar, maskinoperatører, mekanikarar, elektrikarar og mange andre faggrupper. Eit slikt forsvarsindustrielt løft vil ta fleire tiår. Store omprioriteringar, ikkje minst innanfor utdanningssektoren, må gjennomførast.
7. Kvifor ingen drøfting av den vanskelege freden?
Den europeiske eliten har nekta å drøfta den vanskelege freden: Kven skal betala for krigens kostnadar? Kven skal byggja opp eit øydelagt Ukraina? Kven skal sikra freden i Ukraina? USA aldri har brydd seg med oppbyggjing av statar øydelagt av okkupasjon, men kanskje kan Europa, i lag med Kina, spela ei aktiv rolle?
8. Treng ikkje Europa venner?
Den europeiske politiske eliten syg næring frå luftige ideal om demokrati og menneskerettar, men står i fare for å bli vennelaus: Ressursrike Russland er vår fiende, Kina og BRICS held me på avstand, og USA neglisjerer oss. Ein slik kabal vil aldri gå opp.
9. Korleis endra debattklimaet?
Debatten om Ukraina og Russland i land som ikkje er dominert av det politiske vest er nyansert og balansert, medan vårt debattklima har blitt forflata, forsimpla og forsøpla; bare dei modigaste vågar å del i debatten, med fare for å bli påklistra allslags merkelappar i ettertid. Glenn Diesen, verdskjent ekspert på moderne russisk politikk seier seg forfulgt av Den norske Atlanterhavskomité. Dette er ikkje akseptabelt.
10. Må me revidera vår forståing av Ukrainakonflikten?
Det amerikanske propaganda-apparatet (og det norske) har vore uinteressert i nyansar om ein komplisert konflikt – krigen var uprovosert, og alltid ein fullskala invasjon. Russland var Sovjet, Putin var skiftevis Hitler og Stalin, og dei som ivra for fred var vår tids Chamberlain eller putinistar. Det autoritære demokratiet Russland var brått blitt eit diktatur med ein eineherskar på toppen, og det korrupte, fattige og oligarkstyrte Ukraina var blitt eit demokrati. Den tidlegare komikaren, no president, som etter kvart slutta å barbera seg og tok til å kle seg militært, blei ein folkehelt og sannseiar i vår del av verda. Debatten om, og analysene av, den komplekse freden etter Sovjetunionens oppløysing blei plutseleg ein kamp mellom godt og vondt. Før me visste ordet av det var me rekruttert som villige soldatar i USAs propagandakrosstog.
11. Er det klok politikk å provosera ei stormakt som har atomvåpen og som kjenner seg truga?
Sjølvsagt ikkje! Bare i skrivebordsstrategi kan ein tillata seg ein slik risiko. Avskrekking, og eit varsel om å trø varsamt, er eit hovudformål med atomvåpen, og derfor har ikkje NATO reservert seg mot fyrstebruk av kjernefysiske våpen. Er Ukrainas medlemskap i NATO verd ein kjernefysisk krig? Europa har avvist det realpolitiske faktumet at stormakter har interessesfærer, men samstundes fullt ut akseptert den amerikanske. Kor er logikken?
Eg ser fram til eit Europa som kan ynskja andre enn krigerske politikarar velkomne, eit Europa som kan pussa støv av sant diplomati og reell dialog, som kan handla og samarbeida utan å mistenkeleggjera, og som kan opna opp for ein meir informert og mindre hysterisk debatt om vanskelege spørsmål.