Stavanger, 17. mars 2026
Prestestyret i Iran får vel som fortent?
Dette inntrykket sit ein att med etter lesing av to nummer av Dag og Tid der åtaket mot Iran er omtala.
To atommakter har angripe eit land som ikkje har atomvåpen, og som til og med i fleire tiår har sagt at det ikkje planlegg å utvikla kjernefysiske våpen. I løpet av 8 månadar, under pågåande forhandlingar, er Iran angripe av Israel og USA to gonger. Men dette alvorlege brotet på folkerett, diplomati og moral er ikkje tilstrekkjeleg til at Dag og Tids redaksjon tydeleg fordømmer dette brutale, uprovoserte angrepet.
På leiarplass skriv Dag og Tid: "Måtte krigen USA no har starta, vinna fram til beste for Irans framtid. Og vi skal ha respekt for at svært mange iranarar heime og ute er positive til at USA har gått til krig mot Iran-regimet".
I redaktørens auge er Irans støtte til motstandskampen mot Israels okkupasjon av det palestinske folket finansiering av terrorisme.
Dag og Tid har til og med rydda spalteplass for ein artikkel med overskrifta «Ei velkomen bombing», og ein annan med tittelen «Iran sett med israelske auge». Eg bladde vidare for å finna ein tilsvarande artikkel om Iran sett med palestinske auge, men fann ingen.
Slik denne krigen har utfalda seg er USA og Israel mykje nærare fanatisk prestestyre enn Iran, og uansett kva ein måtte meina om det iranske styresettet, kan ein ikkje anna enn å beundra Irans mot, samhald og militære dugleik overfor overlegen militær slagkraft.
Dag og Tids journalistikk om Iran er talande for vestverdas hybris og systematiske undervurdering av sine motstandardar. Hellestveit skriv at styresettet i Iran er «ein skugge av seg sjølv»; so langt er det ingen ting som tyder på det. Dalia Dassa Kays artikkel er skriven frå eit amerikansk perspektiv; hennar påstand om iransk støtte til terrorisme (les palestinsk motstandskamp), og hennar omtale av Israels okkupasjon som «den israelsk-palestinske konflikten» viser dette tydeleg. Det opplagte synspunktet verd å drøfta, at det er USA, meir enn Iran, som destabliserer Vest-Asia, manglar heilt.
Som Kina-observatør i fleire tiår er eg snar til å oppdaga vestverdas hybris og undervurdering av Den andre. Den kjende historikaren og sinologen Kerry Browns artikkel for ti år med tittelen «Why China can’t innovate» er talande for denne undervurderinga. Russland og Iran, i same risikokategori som Kina, blir i vår del av verda (Dag og Tid inkludert) framstilte like eindimensjonalt som tilfellet har vore for Kina. Iran, det einaste landet i Midtausten med element av demokrati, og det einaste landet i regionen der kvinnelege studentar på universitet utgjer over 60 prosent av studentmassen, blir presentert som eit ekstremt kvinneundertrykkande diktatur. At familiediktatura rundt i Persibukta er USAs handlangarar, og angripar Israel ein ekspansjonistisk folkemordstat, manglar i Dag og Tids journalistikk.
Nett no fører Iran ein krig med avanserte og presise einvegsdroner og rakettar, og landet er eitt av tre land i verda som har hypersoniske rakettar (dei to andre er Russland og Kina), som ikkje noko rakettforsvar kan øydeleggja. Irans fråsegn om at Hormuzstredet ikkje er opent for Irans fiendar, og at betaling for iransk olje må vera i kinesisk yuan, er ein dobbel støyt mot USA.
Mykje tyder på at det er Iran som kjem til å avgjera når denne krigen er slutt, ikkje Israel og USA.
USA, vår hovudallierte, og den fremste utøvar av uprovosert angrepskrig i moderne tid, har ikkje lukkast i sine militære angrep, men har til gjengjeld gjort det godt i propagandakrigen, der nyansar og kompleksitet er blitt borte i ei tjukk propagandaskodde.
Åtaket mot Iran har vist at amerikanske militærbasar i bytte mot tryggleik er illusorisk, og at Israels tryggleik går føre tryggleiken til andre statar i regionen. Ja, USA har til og med demontert rakettforsvar i Sør-Korea for å verna Israel. Noko å tenkja på for andre land, inkludert Noreg, med amerikanske militærbasar på sitt territorium!