20. februar 2024
Billause Klepsvik i Beijing sleng ofte innom ein bilbutikk når høvet byd seg. I går var eg i ein Huawei bilbutikk, ja nett det kinesiske teknologiselskapet som gjev politikarar i vestverda den store bukseskjelven. For Huawei er også bilprodusent, med selskapet Aito i Chongqing som produksjonspartnar (dei laga visstnok varebilar før, så litt av eit kvantesprang). Huaweis el-bilar, med Harmony OS operativsystem (det same operativsystemet eg har i min mobiltelefon, min ruter og i min elektriske barbermaskin); med eit kontrollsystem som kombinerer satelittposisjonering og kamera (Tesla nyttar bare kamera), med to sim-kort, og alt av komponentar produserte i Kina, vil nok ikkje bli eksporterte til Noreg med det fyrste - PST vil truleg sjå på ein slik bil meir som ein sjølvkøyrande spion enn som eit køyretøy for Emma og Lukas.
Eg var også innom ein Tesla-butikk i dag og tok ein kikk på oppgraderte Tesla 3. Dette er ein populær bil i Kina. Han kostar om lag 350.000 kroner her. Næraste konkurrent er truleg BYD Seal, eller Qin, som han heiter her, som kostar om lag 200.000 kroner.
Teslaseljaren lurte på om eg hadde "bilskiltrett". Tilsynelatande eit underleg spørsmål, men her er forklåringa: I Beijing har ein person med førarkort rett til å eiga ein registert bil, og denne retten fylg personen; det å eiga ein bilregistreringsrett er derfor gull verd. Bilen kan skrotast, men registreringsretten (men ikkje nummeret) lever vidare og kan ta bustad i ein ny bil, omtrent som sjelevandring for den truande.
Systemet her i byen for grønne privatbilar, dvs. bil med hybriddrift eller el-drift, er slik at du må ha bilregistreringsrett for å kjøpa bil. Har du ikkje denne retten er ventetida for tida 25 år. Men kan du ikkje venta så lenge, kan slik rett leigast for om lag kr 1500-2000 pr månad, enten frå ein privatperson eller frå eit selskap som driv med denslags utleige. Vil du kjøpa fossilbil er det loddtrekning som tel; ein av 1400 blir trekt ut kvar gong, så der skal ein også vera heldig.
Eit slikt system for å kontrollera privatbilismen i ein storby skal me billause vera glade for - med færre bilar kjem bussar, drosjar, syklar og gåande fortare fram, så får det heller vera at eg truleg ligg i grava lenge før eg får tildelt rett til å registrera ein elektrisk bil.