10.02.21
Fylgjande brev er sendt til Digipost - den sikre e-posttenesta til Posten:
Eg logga meg inn på digipost.no for kort tid sidan og merka meg at de nyttar google-analytics sporar (har også sett andre informasjonskapslar dukka opp). Dette er heilt unødvendig, og truleg heller ikkje lovleg. Kva er vitsen med ei sikker e-postteneste viss eg må tillata at Google sporar meg for å nytta tenesta?
I tillegg har Digipost lenkjer til både facebook, twitter og YouTube på nettstaden sin. Den sikre e-post-tenesta digipost bør vera kjemisk fri frå alle tenester som lever av innsamling og vidaresal av informasjon om brukarane. Desse tre tenestene er dei fremste eksponentane for dette, og har ingen ting å gjera på digiposts nettstad.
Dersom Digipost held fram med noverande informasjonskapsel-praksis og lenkjer til tenester som samlar inn brukardata kjem eg til å slutta å nytta tenesta. Eg vil også gjera det eg kan for å oppmoda alle i mitt nettverk til å avslutta bruken av Digipost.
Eg har også meldt Digiposts praksis til Datatilsynet.
Optimist som eg er forventar eg at dette blir ordna i løpet av nokre dagar; eg forventar også svar på denne e-posten, men ikkje eit generelt svar frå ein "kommunikasjonskonsulent"; spar meg for det.
Eg gjer også merksam på at telefonnummet til Digipost ikkje fungerer.
Til informasjon har eg funne ut at både dnb.no og e-boks klarer seg fint utan google-analytics.
Å finna ut kva for informasjon Google Analytics samlar inn er eit forskingsprosjekt i seg sjølv, men det er nok å seia at eg ikkje vil vera del av Googles spioneringsunivers; det bør heller ikkje Digipost vera.
Eg har publisert denne e-postmeldinga på min nettstad.
Helsing Erik Klepsvik