Stavanger, 24. august 2025
Òg publisert her:
https://steigan.no/2025/09/endra-styrkebalanse/
https://spartakus.no/2025/08/30/endra-styrkebalanse/
Mykje tyder på at dei siste vekers hendingar ber bod om eit viktig skifte i internasjonale styrkeforhold. Her er ein freistnad på ei oppsummering:
Kven er på menyen, kven er ved bordet?
Med fråsegna "viss du ikkje er ved bordet, er du på menyen" kan det med stor rett seiast at Russland no er flytta frå menyen til plass ved bordet; Europa er flytta frå bordet til menyen. Me ser konturane av eit politisk landskap med tre stormakter: USA, Russland og Kina, der Russland og Kina i nokon grad deler interessesfære.
Mykje tyder på at europeisk samhald vil forvitra, fyrst innan EU, deretter innan NATO. EU som økonomisk stormakt er òg relativt sett på hell. Industrielle samfunn er avhengige av billig energi for å vera konkurransedyktige. Industrinasjonen Kinas energiprisar er langt lågare enn Tysklands. Industriutvikling let seg vanskeleg kombinera med eit grønt skifte utan grundig planleggjing og stegvis gjennomføring. Eit privatisert og kommersialisert energisystem gjer dette endå vanskelegare.
Det er eit opent spørsmål om USA vil lukkast med å forbetra infrastruktur og reindustrialisera samfunnet, slik den politiske eliten ynskjer.
Både Kina og Russland har ressurs-, industri- og befolkningsføresetnadar, kombinert med eit internasjonalt samarbeid, for framtidig industriell og samfunnsmessig utvikling. Deltaking i eit ekspanderande BRICS, med større økonomi, større folketal og meir ressursar enn G7, talar for seg.
Summarisk vurdering av styrkeforholda mellom stormaktene
USA har store naturressursar, sterk teknologibase, militæroffensiv slagkraft, ein stor sørvisøkonomi og ein krympande industriell økonomi. USAs internasjonale propagandepåverknad er betydeleg. USA har ein relativt ung befolkning med skeiv økonomisk fordeling, og talentinnvandring er viktig for å oppretthalda nyskaping.
Kina har begrensa naturrressursar, er teknologisk sterkt, og overlegent med omsyn til industrikapasitet og handel. Kina har betydeleg defensiv militær kapasitet. Landets internasjonale propagandapåverknad er begrensa, men sterkt veksande i det globale sør. Kinesarar er disiplinerte, målretta og godt utdanna. Kina har utmerka universitet, og landet er ikkje avhengig av talentinnvandring.
Russland har enorme naturressursar, er sektormessig teknologisk sterkt, har sektormessig god industriell kapasitet, har begrensa handel, og stor offensiv og defensiv militær kapasitet. Landets internasjonale propagandapåverknad er begrensa. Folketalet er fallande, det er til dels stor skilnad mellom fattig og rik. Utdanningssystemet er meir enn godt nok for tilføring av talent.
Kven vinn forteljinga om Ukrainakrigen, og kven vinn krigen?
USAs forteljing fram til no, herma av resten av vestverda, er at Russlands angrep var uprovosert, sett i gang av ein imperiebyggjande despot, og at dette ikkje hadde noko med NATOs ekspansjon austover å gjera.
Kina har lært at ein kan vinna ein handelskrig ved å gå ein omveg, at kloden ikkje dreier seg rundt den kristne vestverda; at tap av handel med USA og Europa langt på veg, og med litt tålmod, kan kompenserast ved handel med det globale sør. Russland trekkjer ein tilsvarande politisk lærdom - aksept for Russlands synspunkt har stor atterklang i det globale sør, med vestleg kolonisering friskt i minne.
Putin observerer òg at Trump har teke dei fyrste famlande steg i retning av å forstå den russiske versjonen av konflikten, som er at Russland gjekk til krig for eit nøytralt Ukraina, eit Ukraina som vernar om den russisktalande minoriteten og landområda denne bur i, eit Ukraina med ein utelukkande defensiv hær, og viktigast av alt, ein europeisk tryggingsarkitektur som tek omsyn til Russlands bekymringar. Russland har aldri endra synspunkt verken med omsyn til årsak eller løysing av konflikten, i motsetnad til våre skiftande mål under Afghanistan-okkupasjonen.
Minst realisme er det blant europeiske leiarar, som plutseleg har oppdaga diplomatiet, og som luftar idéar om NATO Paragraf 5-liknande garantiar for Ukraina. Men at Russland, som gjekk til krig for å unngå NATO-soldatar i Ukraina, no skulle godta dei same soldatane, kamuflert som fredssoldatar, er utenkjeleg.
Mykje tyder òg på at ingen har rekna på kva det vil kosta å halda i gang ein slik hærstyrke i Europas andre største land i flatemål - utøving av soldatyrket er heilkontinuerleg og høginensivt skiftarbeid som tek store ressursar, som europeiske land ikkje har.
I vestverda er det òg ei gradvis erkjenning av det opplagte - at Ukraina, både med og utan vår krigsdeltaking, aldri kan vinna på slagmarka mot eit Russland med mykje større folketal og langt fleire ressursar.
Skulle europeiske land, i lag med Ukraina, velja å halda fram krigen utan USA (ikkje usannsynleg) vil det vera svært vanskeleg utan amerikanske våpen og tekniske støttesystem for moderne våpen (som t.d. Starlink).
Mykje tyder på at Trump gjerne vil, men ikkje kan, tvinga Ukraina og Russland til fred. Avstanden er for stor; pisk og gulrot er for små.
Kva skjer med Ukraina?
Trumps synspunkt er at dette er Bidens krig, som europeiske land aktivt har teke del i. Han veit òg at dei fleste av dei europeiske leiarane som no smiskar med han eigentleg ynskjer han dit pepparen gror, og at dei heller skulle sett ein demokratisk president i USA, slik at krigen kunne halda fram som før, under Stoltenbergs motto: "Våpen er vegen til fred".
For Team Trump er hovudfienden Kina, og då er det nyttelaust å vikla seg inn i ein krig mot Russland; her må det skapast ein "taktisk fred", i alle fall inntil vidare. Når Ukrainakrigen er over vil USA, truleg i lag med resten av vestverda, ta opp velbrukte hitlerifiseringsmetodar overfor Kina - "Xi Jinping er ein diktator, politikken er despotisk, økonomien vaklande, eksporten subsidiert, teknologien stolen og utanrikspolitikken aggressiv, spesielt i Sørkinahavet, og ein invasjon av "den sjølvstyrte og demokratiske øya Taiwan" er nært foreståande".
Og kva med resten av verda?
Me kan ta lærdom av India, som skulle vera USAs asiatiske hovudallierte mot Kina. For sin heilt normale handel med Russland (me stoppa aldri å handla med eit USA i krig) er India straffa med høge tollsatsar. Slå denne lærdommen saman med USAs ynskje om annektering av Canada og okkupasjon av Grønland, så kjenner me lusa på gangen. Me bør bør kanskje innretta oss deretter.