20.10.20; oppdatert august 2024
Heilt sant er det ikkje at det bare er eitt politisk parti i Kina - meir korrekt er det vel å seia at det bare er eitt styringsparti.
Politikkens mål
Me kan vel vera samde om at politikkens mål er å byggja eit godt samfunn for det store fleirtalet av folket som bur der; så vil det gode samfunn alltid vera eit dynamisk mål; det vil også vera litt ulik oppfatning av kva eit godt samfunn er, men kanskje mindre skilnad i oppfatning enn ein skulle tru. Det gode samfunn har gjerne med nokre hovudingrendiensar så som rett til helse, utdanning, stabil inntekt, tilgang til natur, reint vatn og rein luft, og nokre grunnleggjande individuelle og kollektive rettar. Gode samfunn kan byggjast med ulike politiske system, der dei fleste system er kompromiss mellom nye idear og tradisjonell kultur, slik også vårt eige system er det.
Dynamisk eller statisk politisk system
Nokre politiske system er dynamiske, andre meir statiske. Det kinesiske politiske systemet framstår som statisk, med bare eitt styringsparti, men er i røynda ganske så dynamisk og eksperimenterande. Det norske politiske systemet framstår som dynamisk, men er i røynda ganske så statisk, med få eller ingen endringar i det politiske styringsapparatet (men forvaltninga er derimot meir dynamisk).
Historikk politiske parti
Politiske parti i eitkvart land har ikkje serleg lang historie (om lag 140 år i Noreg); verken demokrati, parlamentarisme eller partisystem var opphaveleg del av nokon grunnlov, heller ikkje den norske. Dei fleste grunnlover blei soleis laga med ei tydeleg klasseinteresse; den norske grunnlova var opphaveleg skriven for landeigande bønder og embetsmenn, og ekskluderte alle kvinner og alle menn utan eigedom.
Det gamle Kina blei styrt av ei forvaltning under keisaren. Det moderne Kina (også under republikken før kommunistpartiet overtok) har vore styrt av eitt parti og ei forvaltning under denne, så Kina har aldri hatt meir enn eitt styringsparti.
Parti styrer land
Både i Noreg og Kina er det partimedlemmer som styrer landet politisk; i vårt land er omtrent sju prosent av folket medlemmer i politiske parti, men bare to prosent er aktive medlemmer (SSB). Det er denne eliten på to prosent som i praksis styrer Noreg.
I Kina om lag sju prosent (99 mill.) medlemmer i kommunistpartiet; partiet er verdas nest største etter Indias Bharatiya Janata Party (BJP). Sjølvsagt er det òg eit lite mindretal av medlemane i kommunistpartiet som styrer Kina.
Folk kan røysta på parti i tillegg til å vera partimedlem i Noreg; i Kina er det eit visst valdemokrati på lokalplan, men politiske prosessar går i hovudsak føre seg blant medlemane i kommunistpartiet.
I Noreg vel me stortingsrepresentantar, men ikkje regjering; alle ministrar er utpeikte av statsministeren på like "diktatorisk" vis som toppleiarar i Kina, for å setja det litt på spissen.
Er fleire parti ein føresetnad for godt styre?
Nei, ikkje nødvendigvis. Vanstyrte land kan ha svært mange parti, og vanstyret kan utøvast til og med om alle val blir gjennomførte utan fusk.
Er fleire parti ein føresetnad for politisk mangfald?
Ikkje nødvendigvis; USA har to svært like parti i praktisk politikk, sjølv om innpakninga er ulik. Det same kan seiast om dei to "styringsblokkene" i Noreg - kan ein med handa på hjarta seia at det er stor skilnad på livet under Jonas samanlikna med lived under Erna?
Er valdemokrati og fleire parti ei forsikring mot diktatur eller dårleg styresett?
Nei, Hitler blei i fyrste omgang vald; nynasjonalistiske parti og inkompetente leiarar i mange land kan i praksis bli valde. Narendra Modi i India er eit døme på eit demokrati etter vestleg modell i forvitring.
Er valfridom betre enn monopol?
I eit litt vidare perspektiv kunne me spørja om valfridom alltid er betre enn monopol. Høgrefolk vil nesten alltid svara ja - valfridom er bra for utdanning, helse, vareutval, eldreomsorg osv., meiner dei. Me sosialistar vil argumentera imot dette synet; me ynskjer ikkje valfridom på mange område, så som utdanning, helse, omsorg, osv. Me hevdar at det offentlege skal tilby tenester som er gode nok, og som ikkje treng målast med, eller konkurrera med, tilsvarande private tenester.
Dei kinesiske sosialistane går eitt steg lenger enn oss norske sosialistar - dei hevdar at på same vis som det er godt nok med ei forvaltning, eitt politi, eitt fengselsvesen, eit helsestell osv., er det også godt nok med eitt stort, mangfaldig og styringsdyktig parti. Dei vil seia at konkurrerande parti som til alle tider fremjar alternativ politikk er til hinder for sameint målretta innsats, er sløsing med ressursar, hindrar langsiktig planlegging, opnar for populistiske utspel, og hindrar gjennomføring av nødvendige, men upopulære tiltak.
Fleirparti- eller eittpartistyre?
Eg trur ikkje det vestlege fleirparti-valdemokratiet er "the end of history", imidlertid er det altfor enkelt å seia at fleirpartistyre alltid er betre enn eittpartistyre. Både Japan og Singapore er velfungerande samfunn som i praksis er styrte av eitt parti.
Heldigvis er siste ord ikkje sagt.