1. oktober 2024 feirar Folkerepublikken Kina syttifem år. I desse dagar kan avislesarar venta seg dei vanlege artiklane i våre media, med omtrent fylgjande innhald: Fyrst minner ein (pliktskuldig) om at Kina har lyfta 800 millionar ut av fattigdom, deretter presenterer ein eit historisk «synderegister» (Det store spranget og Kulturrevolusjonen), så kjem ei bekymring om ferske brot på menneskerettar (Tibet, Xinjiang, Hongkong). Artikkelen vil også peika på alle problem Kina står overfor (lågare vekst, arbeidsløyse, overprisa eigedomsmarknad og aldrande befolkning). Til sist vil det vera ei åtvaring mot Kinas stadig strengare diktatur og tiltakande aggressive utanriks- og handelspolitikk.
I vår del av verda er det røyster som hevdar at Kinas relative velstand er bygd på vår velvilje, kombinert med Kinas tjuveri og kopiering av vår teknologi, men for dei fleste i Kina og i det globale sør er Kinas raske utvikling dei siste førti åra resultat av planmessig innsats og hardt arbeid, som også kviler på fundament som blei lagt i dei politisk meir urolege tiåra frå 1949 til 1979.
I denne artikkelen skal eg retta meg etter god folkeskikk ved jubileumsfeiring, og peika på nokre viktige og velplasserte byggjeklossar i Kinas utviklingsmodell:
Folkehelse og utdanning: I 1949 var forventa levealder i Kina under førti år, og analfabetismen var over 90 prosent. Systematisk satsing på utvikling av helsestell og utdanning har ført til at Kina i dag er på nivå med verdas rikaste land.
Kvinnefrigjering: Då norske kvinner på femti- og sekstitalet var heimeverande husmødrer, var kinesiske kvinner i lønna arbeid. Eiga inntekt er grunnleggjande for all kvinnefrigjering.
Industrialisering: Kina forstod at for eit ressursfattig land er det bare industrialisering som kan gje overskot stort nok til å utvikla eit moderne samfunn. Det tok om lag seks tiår å byggja industri som kunne konkurrera internasjonalt med dei beste på teknisk nivå og kvalitet, og ikkje bare på pris. Vestverda er for tida i sjokktilstand stilt overfor kinesiske el-bilar som kombinerer låg pris med høg byggjekvalitet og avansert teknikk.
Infrastruktur: Satsing på infrastruktur i form av jernbane, vegar og flyplassar har gjort det mogleg å utvikla heile landet; solceller kan produserast i nordvest, bilar i nordaust og elektronikk i sør; fersk fisk og frukt kan sendast på dagen frå sør til nord. Til overmål har Kina kombinert landsdekkjande infrastruktur med verdas mest avanserte logistikk.
Urbanisering: Kina har ikkje prøvd å stoppa urbaniseringa, men tvert i mot lagt til rette for ei slik utvikling. Bustadbyggjing, somme stader i form av temporære «spøkjelsesbyar», har blant anna ført til at urbaniseringa kan skje utan slum.
Plattformteknologi: Kina har satsa på eigne tekniske plattformer: Baidu søk og kunstig intelligens, WeChat og QQ melding, Sina Weibo mikroblogging, Alibaba og Tencent betaling, Jindong og Pinduoduo (Temu) for netthandel, Douyin (Tiktok) for tidtrøyte og Meituan for måltid levert heim, for å nemna nokre.
Populærkultur: Inga stolt stormakt baserer sin populærkultur på import. Anglo-amerikansk populærkultur har aldri fått fotfeste i Kina. Landet har ein blømande film- og TV-serieindustri med mange produksjonar av høg kvalitet - Hollywoods filmar er langt nede på popularitetslista. Kina har også i liten grad imitert vestleg populærmusikk, og har i dag mange artistar som kombinerer tradisjonell og nyare musikk på nyskapande vis.
Tre suksessrike land i Asia har over mange tiår utvikla sine samfunn som de facto eittpartisystem: Singapore, Japan og Kina. Den kinesiske eittpartistaten, som er tema for denne artikkelen, har etter kvart fusjonert den kinesiske sosialismens verdigrunnlag og samfunnsoppdrag med verdiar og tankegods frå kinesisk kultur og tradisjon.
Til sist: I motsetnad til alle andre land som har utvikla seg til ei stormakt, har Kinas utvikling skjedd utan krig og ekspansjon. Alle territoriale konfliktar både til lands og til havs er gamle konfliktar som går tilbake til japansk okkupasjon, borgarkrig og usemje kort tid etter etableringa av Folkerepublikken i 1949, sjølv om våre media gjer sitt beste for å framstilla desse konfliktane som om dei var av nyare dato.