19.01.24
Har ein levd nokre år som brukar av norsk offentleg transport kan ein sjå tilbake på ei røys av ulike billettsystem, og no det siste halvåret i Stavanger også eit billettsystem for ikkje å betala. Alle slike system er lanserte med dei beste intensjonar. Fram til no har dei fleste system hatt rabatt for dei som reiser mykje, med eit utal variantar av sonekort og periodekort. For den som bare nyttar offentleg transport av og til er enkeltreisa dyr.
I lange periodar har eg opphalde meg i Beijing, der eg har nytt godt av det effektive kollektivtilbodet med eit både billig og enkelt system for betaling av reiser. Kanskje kan me læra noko av det enkle billettsystemet som er i bruk for Beijings 21 millionar innbyggjarar, nesten 30.000 bussar og eit T-banenett på nesten 750 km? Buss- og T-banenettet i Beijing er offentleg eigd - eitt selskap for bussar og eitt for T-bane. Dei fleste bussar er elektriske, og mange kombinerer batteridrift med elektrisk drift ved hjelp av køyreleidning (trolleybuss). Langdistansebussar (Beijings areal er på storleik med Agder) går stort sett på diesel.
All offentleg transport i Beijing er basert på billige enkeltreiser, og prisen varierer mellom 1,5 og 8 kroner. Lokal kjøpekraft er om lag ein tredjedel av norsk.
Buss kostar om lag halvparten av T-bane. Buss, men ikkje T-bane, er gratis for pensjonistar. Alle elevar og studentar reiser for halv pris både på buss og T-bane.
Reise blir betalt med kort som kan ladast, eller med QR-kode og mobiltelefon. Alle, også dei som reiser gratis eller for halv pris, må skanna kort eller mobiltelefon både ved på- og avstiging, fordi du betaler for reist distanse.
Noko å læra?