Storhaug, 19. juni 2025
Publisert i Stavanger Aftenblad 21. juni 2025
Det rår kaotiske tilstandar med omsyn til parkering av elsparkesyklar i Stavanger - parkering på fortau er spesielt alvorleg, etter mitt syn. Kaoset har rådd i fleire år, og mykje er sagt, men lite er gjort for å bøta på dette.
I deler av året bur eg i Beijing, som for nokre år sidan hadde eit stort problem med bysyklar parkerte overalt. Etter nokre års kaos rår det i dag god orden. Her er nokre av tiltaka som blei gjennomførte:
Antallet utleigeselskap er begrensa til tre, og antallet leigesyklar er begrensa til 800.000 for byens 22 millionar innbyggjarar. Syklane må parkerast på oppmerka felt; ved feilparkering er det ikkje mogleg å avslutta leiga, og telleverket går til ein maksimumssum er nådd. Utleigar har sjølvsagt full informasjon om utleigar, og kan sanksjonera om nødvendig.
Stavanger kommune har ein jobb å gjera for oppmerking av parkeringsfelt, og utleigeselskap har tilsvarande jobb å gjera for å programmera elsparkesyklane til ikkje å godta parkering utanfor desse felta. Ingen av delene er kompliserte.