Det gjennomgåande temaet i norske massemedia når ein skriv om Kinas kamp mot koronaviruset er at landet har lukkast bare fordi det er ein kontroll- og overvakingsstat.
Me les om samansveiste dører, om droner som svirrar rundt på jakt etter maskelause stakkarar, om mobilappar som kontrollerer og overvakar alt og alle. Noko av dette er kan hende sant, men påstanden om at det er diktaturet som har vore Kinas hjelpande hand i kampen mot viruset hindrar oss for det fyrste å trekka nyttig lærdom av Kinas tiltak; for det andre gjer me oss skuldige i å redusera det kinesiske folket til marionettar styrt av eit diktatorisk regime.
Folk i Noreg fortener ei meir realistisk framstilling av det kinesiske folkets kamp mot smitten enn den media har gjeve oss. Denne artikkelen freistar retta opp dette inntrykket.
Tiltaka i landet har variert frå ein region til ein annan – bakgrunnen for denne artikkelen er stoda i Beijing; landets politiske og kulturelle sentrum, med stor trafikk både nasjonalt og internasjonal, 1200 km frå Wuhan, med over 20 millionar innbyggjarar, men bare om lag 500 koronasmitta til no.
Situasjonen for to månader sidan
Dei fleste stader i Kina, Beijing inkludert, hadde ein situasjon som likna Noreg – svært få smittetilfelle i mange veker. Likevel var responsen i Beijing ved smitteoppdaging dramatisk ulik den norske. Kvifor?
Vitskap og fagleg bakgrunn
Kinesiske media grunngjev ofte sine politiske val med at dei er vitskaplege; eg har ofte reflektert over kor unødvendig dette maset om vitskap er, men har etter kvart komme til at dette er heilt nødvendig stilt overfor ei rekke problem der vitskapsforståing er avgjerande for gode politiske val. Det gjeld både våre løysingar av miljøproblem, og no ikkje minst i kampen mot koronaviruset. Ein amerikansk president som meiner å ha kunnskap om kva medisinar som er nyttige i dagens situasjon tilfører unødvendig støy. Men den norske regjerings- og styringsmodellen, der generalistar den eine dagen er justisminister og den andre dagen industriminister er heller ingen fordel. Til samanlikning er den kinesiske helseministeren lege, medan den norske har studert hotell-leiing. Alle som har vore tilsett i ein fagleg tung organisasjon veit kor tungt det kan vera å jobba med ein generalist på toppen som ikkje kan faget.
I tillegg til fagleg sterke leiarar var det vitskapsfolk med anerkjent autoritet som pusta det politiske leiarskapet i nakken då viktige avgjerdsler måtta takast for om lag to månader sidan i Kina. Minnet om tidlegare epidemiar var også avgjerande for at det kinesiske folket aksepterte tiltaka som blei sette i verk.
Litt hell kjem godt med
Nedstenginga av Kina skjedde rundt kinesisk nyttår. Dei fleste var heime. Kvart år går det kinesiske samfunnet i januar/februar på halv maskin på grunn av nyttårsfeiringa, og nedstenginga fungerte i fyrste omgang som ein forlenga nyttårsferie, både for barnehagar, skular og verksemder. Slik sett var overgangen til ei omfattande nedstenging ikkje så brå. Kinas avanserte logistiske apparat for bringetenester som blei utnytta til fulle av restaurantar og butikkar, nettbaserte tenester og ein velfungerande teknisk infrastruktur, gjorde livet lettare i ein liten bustad i ein stor by.
Førebuing og kapasitet
I 2019 blei Den globale helsetryggleiksindeksen publisert. Rapporten rangerer nesten 200 land, evaluert etter følgande faktorar: Forebygging, tidleg oppdaging, hurtig respons, robust helsesystem for behandling, helsekapasitetsbygging og sårbarhet/risiko. USA kom best ut, Norge litt nedpå lista, og Kina på 51.-plass. Kan hende er det ikkje nødvendig å lesa ferdig rapporten for å konkludera med at noko manglar. I alle fall er to faktorar, avgjerande for helsetryggleik, borte frå rapporten, faktorar som har vore avgjerande i Kina dei siste to månadene: For det fyrste dyktig leiarskap, og for det andre evne til strategisk flytting og mobilisering av menneskelege, finansielle og industrielle ressursar der det trengs og når det trengs.
Nedstenginga
Karantene- og isoleringsregimet i Wuhan er godt dokumentert. Med portforbud omtrent fram til no har det knapt vore bruk for verken droner eller mobilapper for å overvaka folk - dei var jo heime det meste av tida og gjekk ingen stad! Kan hende har resten av verda ikkje så mykje å læra, men meir å beundra, av offerviljen til folk i Wuhan og Hubeiprovinsen.
Her er nokre hovudelement i hovudstadens viruskamp dei siste åtte vekene:
Kva er stengt?
alle som hadde bestilt utanlandsreiser under kinesisk nyttår fekk melding full tilbakebetaling av reiseutgifter; dette for å hindra spreiing utanfor Kina
utestader har vore stengde for alt anna enn heimebestilling av mat
skular og barnehagar har vore stengde, og ein vaksen i kvar familie har hatt rett til å ha heimekontor med barn
mange kontor har vore stengde
byens parkar har vore opne
dei fleste butikkar med unntak av matbutikker, kioskar og apotek har vore stengde
byen er delt i inngjerda nabolag der det blei plassert sivile vakter (mange frivillige) for sjekking av all trafikk inn til nabolaget, samt temperturkontroll av alle kvar gong dei går inn i nabolaget
folk fekk eit tilgangskort kvar til bruk inn i nabolaget etter kvar tur ut
folk blei tidleg oppmoda om å halda seg inne, og alltid bruka munnbind når dei gjekk ut
kontroll av temperatur og påboden bruk av munnbind når ein går inn i butikkar
ingen utreise frå Beijing, og heller ikkje besøk til venner eller familie i andre nabolag uten registering av besøket
Kva er opent?
Ein kan fritt opphalda seg ute, og fritt bruka eige køyretøy inni byen
t-bane, buss og taxi har fungert heile tida
Ressursbruk og prioritering
Det har vore minimalt med politi ute, og det har heller ikkje vore hamstring eller varemangel i butikkane. Eg har aldri opplevd at folk utan munnbind har blitt irettesette.
Som utlending busett i eit vanleg nabolag blei det levert informasjon på døra med informasjon på engelsk. Eg blei også oppringt to gonger med tilbod om hjelp viss nødvendig.
Massemedia har brukt store ressurar på god folkeopplysning om helse og smitte; opplysning om korrekt bruk av munnbing har gjerne blitt sendt rett før TV-reklame for eit eller anna produkt.
Det er brukt store ressursar på smittesporing; føre var-prinsippet kan eksemplifiserast med at alle som kjøper forkjølings-og influensamedisin på apotek må registrera seg, og vil etter kort tid bli kontakta.
Heimeisolering av smitta personar har vore heilt uaktuelt, basert på det enkle faktum at meir enn 80% av smitten finn stad i næraste familie. Smitta personar med lette symptom har blitt flytta til isolat med medisinsk personale.
Familien til smitta personar har vore pålagt heimeisolering med tilbod om hjelp til å handla mat og hushaldsartiklar; to veker heime utan å gå ut.
Alle nabolag har fått informasjon om kor mange smitta personar det er i nabolaget.
Førebels konklusjon
Beijing har lukkast fordi folk har fått god informasjon og dermed forståing for at smittekampen blir vunnen med gode rutiner, samarbeid og sjøldisiplin.
Regjeringa var tydeleg frå byrjinga at fyrste prioritet var helse, og ikke samfunnsøkonomi, og at all behandling ville vera gratis. Strategien har også vore tydeleg heile tida – utrydding, ikkje bremsing av viruset.
Folkehelse før økonomi - det gjekk over ein månad før økonomi og produksjonsstart blei eit tema i den offentlege debatten.
Regjeringa gjorde nødvendige tiltak raskt og effektivt, alltid basert på best tilgjengeleg legevitskap.
Landets beste medisinske ekspertise har teke aktivt del i offentleg debatt og informasjonsverksemd.
Til slutt: Det er eit paradoks at det er Kina som representerer den mest avanserte og vitskapsbaserte praksis i koronakampen, medan det moderne Vesten må inngå kompromiss grunna for langsam respons og mangel på utstyr. Anar me eit element av vestleg hybris – at hovmot står for fall oppi alt dette? For tidleg å seia, men lov å spørja.