Denne artikkelen viser til tre lange artiklar om Taiwan (dvs. Republikken Kina) i Dag og Tid (klikk på lenkje for å opna):
Ein kortare versjon av min artikkel er publisert i Dag og Tid i januar 2025.
Professor Halvor Eifring har skrive tre artiklar om Taiwan i Dag og Tid, med mykje forvitneleg historikk. Eifrings skisse av Taiwans historie frå synsvinkelen til ein region med aspirasjonar om sjølvstende må nødvendigvis ha slagside. Difor er artiklane samla sett eit partsinnlegg for skipinga av ein taiwansk nasjonalstat.
Eifrings argument er ikkje originale, og ligg nær opp til synspunkt som har blitt fremja dei siste åra i vestverda, gjerne fronta av mindre land, med USA bak scena som produsent av ei tjukk historisk og juridisk skodde, pakka inn i tidsriktig umsut for menneskerettar og vår versjon av demokrati: Det enkle og opplagte, at Taiwan i fleire hundre år har vore, og for lengst burde vore, ein del av Kina, er plutseleg blitt komplisert! Ockams barberkniv gjeld for Taiwans gjenforeining som for mykje anna.
Då den tyske utanriksministeren Annalena Baerbock vitja Kina i 2023, minte utanriksministeren Wang Yi henne på at Kina hadde støtta Tysklands gjenforeining. Han vona at Tyskland også ville støtta Kinas gjenforeining.
At Taiwan er ein del av Kina, og at det derfor bare er eitt Kina, er synet til FN og alle 181 nasjonalstatar som har diplomatisk samband med Kina, Noreg inkludert. Republikken Kina, som Halvor Eifring kallar Taiwan, delte også inntil nyleg dette synspunktet. Folkerepublikken Kina har alltid meint dette, sjølv om ein framstiller Folkerepublikkens over sytti år gamle standpunkt som «aggressivt».
Det er etter kvart blitt vanleg i vestlege media å omtala Taiwan som «den sjølvstyrte og demokratiske øya Taiwan». Underteksta er tydeleg; Taiwans blømande demokrati er i sterk motsetnad til det kvelande diktaturet på fastlandet, og derfor må Taiwan reddast frå innlemming i diktaturet ved å bli ein sjølvstendig nasjonalstat. Det er trist at slike karikaturar får breia seg til fordel for ei nyansert framstilling av den kinesiske sivilisasjonen, som folk på begge sider av Taiwansundet tilhøyrer.
Eifring skriv om «Kinas aggressive krav på nesten heile Sør-Kina-havet» utan å nemna at Republikken Kina har langt meir ekspansive territorielle krav, og ikkje avgrensa til Sør-Kina-havet.
Politisk system og demokrati
Demokrati har aldri vore eit kriterium for suverenitet. Demokrati var ikkje eit omgrep i vår grunnlov, ja, truleg ikkje i dei fleste lands grunnlover, som gjerne blei førte i pennen for å knesetja suverenitet og sjølvstende, men ikkje demokrati.
Det faktum at Taiwan har eit politisk system som i dag liknar vårt, blir brukt som argument mot gjenforeining og for sjølvstende. Med ein viss rett kan ein seia at eit slikt syn avslører vestleg arroganse. Republikken Kina i sine fyrste tiår etter skipinga i 1912 var ein ganske korrupt eittpartistat, og etter flukta til Taiwan ein eittparti politistat, før eit meir demokratisk system utvikla seg. Politisk sjølvstende har aldri vore belønning for demokrati.
Om kulturell kontinuitet med arven frå fortida var viktig, kunne ein hevda at Folkerepublikkens planmessige, langsiktige og ganske inkluderande eittpartistyre har langt meir sams med keisartidas i hovudsak kompetente byråkrati enn ymse asiatiske tidvis kaotiske kopiar av vestlege fleirpartidemokrati, Taiwans inkludert.
Sjølvstyre kan heller ikkje vera eit kriterium for suverenitet. USA har 50 sjølvstyrte statar, men det ville truleg vore utenkjeleg om grupper i USA, eller aktørar utanfor USA, skulle taka til orde for Hawaii eller Alaskas sjølvstende, sjølv om begge statar har ei kort historie som del av Sambandsstatane.
Folkeviljen
Det er ingen tvil om at fleirtalet i Taiwan ikkje ynskjer å bli del av Folkerepublikken Kina, samstundes som bortimot alle kinesarar i Folkerepublikken ynskjer ei gjenforeining.
Det er oftast realpolitikk, og ikkje folkeviljen, som avgjer oppretting av statar, annektering eller avståing av territorium. Døme på dette er Kosovo, som dei fleste vestlege land (men ikkje FN) har anerkjent som nasjonalstat. Den autonome spanske regionen Catalonia blei derimot aldri sjølvstendig, men eg kjem ikkje på ein norsk politikar som støtta dette folkekravet. Kan hende heller ikkje professor Eifring.
Taiwan del av Kina?
Eifring og andre gjer eit poeng av at Taiwan aldri har tilhøyrt Folkerepublikken Kina; derfor er innlemming av Taiwan i Folkerepublikken Kina ikkje gjenforeining, men okkupasjon og annektering. Men med same argumentasjon kunne me seia at Taiwan, som ikkje tilhøyrte Kina då Republikken Kina blei skipa i 1912 (øya hadde blitt annektert av Japan i 1895), heller aldri hadde vore ein del av Republikken Kina. Ein konsekvens av eit slikt syn kunne vera at om ein nasjonalstat skifta forfatning, t.d. frå kongedømme til republikk, så kunne ingen territoriale krav som kongedømmet hadde, førast vidare til republikken. Dette er ikkje eit seriøst argument.
Bakgrunn
Taiwan hadde opphaveleg ein ikkje-kinesisk urbefolkning, men over dei siste fem hundre åra er øya blitt gradvis kolonisert av kinesarar frå fastlandet; dei har truleg vore i fleirtal i mange hundre år; kanskje ikkje så ulikt nordmenns kolonisering av Finnmark, med delvis fortrengjing av samane. På Taiwan er det i hovudsak to kinesiske språk (eller dialektar, om ein vil): minan, som blir tala i naboprovinsen Fujian, og nordkinesisk/mandarin, som er det offisielle kinesiske språket på Taiwan, som det også er i Folkerepublikken Kina.
Folkerepublikken Kina er Taiwans største handelspartnar; sers mykje industri på begge sider av Taiwansundet er samanvevd, og fleire hundre tusen taiwanesarar bur og arbeider på fastlandet.
Det emosjonelle
Kvart år blir det her i landet publisert om lag eitt hundre bøker, og laga fleire spelefilmar, om den femårige og ganske milde tyske okkupasjonen av Noreg; kanskje fyrst og fremst for å handsama det store norske okkupasjons- og fornedringstraumet. For dei fleste kinesarar er eit ikkje gjenforeint Taiwan, og dermed eit delt Kina, ei påminning om eit liknande og mykje større traume – bare at det ikkje varte i fem år, men i over eitt hundre og femti år, med alt det førte med seg av okkupasjon, politisk kaos og dramatisk nedgang i levestand.
Taiwan var underlagt keisarriket Japan i femti år, og dei siste sytti åra har Taiwan vore verna av, påverka av, og kanskje også identifisert seg med, USA, og har også vore ein viktig del av USAs militærstrategi i Asia.
Folkerepublikken Kina har frå skipinga i 1949 av assosiert seg med land og folk som har frigjort seg, eller vil frigjera seg, frå kolonialisme og imperialisme; altså med det store fleirtalet av nasjonalstatar i «det globale sør». Folk og land i Det globale sør, som utgjer dei fleste nasjonalstatar og nesten nitti prosent av verdas folk, har ingen problem med å forstå det emosjonelle argumentet: At gjenforeining av Taiwan med fastlandet er det endelege oppgjeret med ein historisk urett og ei nasjonal fornedring. Eit delt Kina er arven frå ein uavslutta borgarkrig – det faktum at Taiwan blei annektert av Japan i 1895 som krigsbytte, med påfylgjande fleire tiårs brutal assimilering, lovt tilbakeført til Kina under forhandlinger i 1943 (Kairo-konferansen), og deretter til sist oppgjeve av Japan ved krigskapitulasjonen i 1945 og gjeve tilbake til Kina. I borgarkrigen som fylgde mellom Guomindang (Kuomintang) og kommunistane tapte Guomindang, og flykta til Taiwan. Deretter gjorde USA, sjølvsagt med aktiv støtte frå Guomindang, alt som stod i landets makt (fram til 1971) for å oppretthalda ein illusjon om at det var styresmaktene på Taiwan som representerte Kina. Noreg oppgav denne illusjonen alt i 1954, ved å oppretta diplomatisk samband med Folkerepublikken Kina.
Republikken Kina, trass i Eifring, Vatikanets og nokre amerikanske vasallstatars diplomatiske støtte, er i eit dilemma. Namnet er Republikken Kina; det står i grunnlova, det står på pengesetlane, og flyselskapet heiter China Airlines. Men i den augneblinken ein endrar namn og proklamerer sjølvstende kan ein vera trygg på at Kina aldri ville akseptera det; dess meir Taiwan promoterer sjølvstende, dess fjernare og mindre realistisk er målet.
Ingen land støttar opent Taiwans aspirasjonar om å etablera ein nasjonalstat; det ville vore utanrikspolitisk sjølvmord i ei verd der Kinas industri, tekniske nyvinningar, handel og diplomatiske nettverk har ein dominerande posisjon. Eifrings politiske ynskje om eit sjølvstendig Taiwan er derfor eventyrpolitikk utan rot i røynda.