Stavanger, 1. september 2025
Under årets stortingsvalkamp gjer ein seg mange refleksjonar.....
KANSKJE ER EG KOMMUNIST?
I mange år har eg kalla meg sosialist. Men den industrifiendslege, identitetsfanatiske, vestorienterte, seminaraktige, retthaverske, valdemokrati-, menneskeretts- og ytringsfridomsdoserande peikefingerversjonen av sosialismen me har i dette landet har blitt framand for meg. Eg kjenner meg ikkje att i SV og Raudts partikontor, heller ikkje i deira talerøyr, Klassekampens, spalter.
Det kan verka som dei fleste sosialistparti i vår del av verda meiner at det er overbygnaden som definerer den økonomiske basis, altså at verdiar og rettar kjem før økonomisk-materiell utvikling. Dei har snudd opp ned på Marx' geniale innsikt om at overbygnad speglar basis.
Eg veit ikkje koss me skal få til å innføra norsk sosialisme, men eg trur ikkje det vil skje gjennom eit parlamentarisk val. Sosialistiske eller velferdskapitalistiske element kan nok innførast parlamentarisk, men å gjennomføra ein økonomisk modell som har som oppdrag velferd og utvikling for det breie lag av folket, og ikkje profitt for kapitaleigarar, gjennom parlamentariske val, trur eg ikkje er mogleg. Og skulle det lata seg gjera, trur eg endå mindre på at eit slikt system kan behaldast gjennom val kvart fjerde år, for å gå frå kapitalisme til sosialisme er eit kvantesprang som ikkje lett kan reverserast gjennom val.
Ulikt mange norske sosialistar, som meiner ingen sosialistiske land fins, så er mitt syn at sosialisme, i ulike variantar, har blitt og er praktisert i fleire land. Sosialisme er eit dynamisk, kjempande system med store manglar og mange kompromiss, endåtil med kapitalistiske innslag.
Kommunisme, derimot, er sosialismens nullvisjon, vår politiske Nordstjerne, som me navigerer etter, men aldri når fram til, for kommunismen er det klasselause samfunn der alle har det godt.
Derfor er det meiningsfullt å ha eit kommunistisk parti med eit slikt mål, men som i lang tid vil praktisera ein eksperimenterande og utprøvande sosialisme på veg mot eit betre samfunn. Derfor skreiv Marx og Engels Det kommunistiske manifest, ikkje det sosialistiske manifest.
Så har folk ulike førestillingar om kommunisme; at nokre assosierer eit undertrykkjande og despotisk samfunn får vera deira sak.