24. februar 2024
Tyngdepunktet i verda med omsyn til makt, økonomisk styrke og verdiar varierer frå tid til anna. For over to hundre år sidan var India og Kina størst, både med omsyn til folketal og økonomi. Dei var multi-etniske og multi-religiøse samfunn med til dels flytande grenser, men utan koloniar i vår forstand. Både India og Kina var landbaserte makter.
Dei siste to hundreåra har verdsordninga vore dominert av sjømakter; fyrst den britiske, seinare den amerikanske. Storbritannia hadde eit nettverk av koloniar, medan det amerikanske imperiet i hovudsak har vore eit nettverk av militærbasar (om lag 750 for tida), kombinert med alliansebyggjing; NATO er den mest langvarige av desse alliansane.
Språk og omgrep for å rettferdiggjera verdsordninga dei siste to hundre åra har variert; fyrst var det sivilisasjon mot barbari, så fridom mot kommunisme, og no demokrati mot autokrati, og alltid har ein hevda at verdiane er universelle.
Etter at Sovjetunionen som stat opphøyrde, dominerte USA og vestverda fullstendig, inntil for om lag ti år sidan. Dei fleste politikarar i vestverda, både til høgre og venstre, har aldri opplevd anna enn ei unipolar verd dominert av USA og det ein kallar "den regelbaserte verdsordning" (som ikkje er det same som ei verdsordning basert på internasjonal lov).
Både Kina, Russland, India, og dei fleste land i sør, ynskjer ei anna verdsordning - ei multipolar verd, basert på internasjonal lov, med meir rettferd og betre balanse mellom små og store nasjonalstatar. Den multipolare verda har ikkje universelle verdiar som premiss, og aksepterer ulike modellar for samfunnsstyring, utvikling og modernitet.
Krigane i Ghasa og i Ukraina er etter mitt syn symptomatiske for ei verdsordning som er i tilbakegang. Busetjarstaten Israel har i hovudsak vore eit instrument for amerikansk dominans i Vest-Asia, rettferdiggjort ved hjelp av dårleg samvit for mange hundre års europeisk jødehat. NATOs vedtak om å innlemma Ukraina, og krigen som ein fylgje av dette målet, har etter kvart framstått utan "suverenitetsovergrep-sminke", og er no tydeleg eit instrument for å svekka Russland utan bruk av NATO-soldatar, der eit svekka Russland i sin tur vil svekka Kina, som er det største trugsmålet mot den amerikanske doktrinen om "fullspektrum dominans". PSTs trugsmålsvurdering for 2024 har alt førebudd den norske styringseliten på dette, ved å peika ut både Russland og Kina, men også Iran og Nord-Korea, som trugsmål.
Dei fleste politikarar i vestverda, både til høgre og venstre i politikken, forsvarer langt på veg rådande verdsordning og verdiar. Nokre vil også avvisa det synet at verda er dominert av vestverdas ordningar og ideologiar. Eit typisk argument for eit slikt syn er at nasjonalstatar fritt kan velja styringsmodell eller tilslutning til ein tryggjingsallianse. Etter mitt syn er dette eit sers naivt syn på verda slik ho er, men er truleg rådande blant norske politikarar. Det er nok å visa til Cuba, Libya og Syria for litt røyndomsorientering om "det frie valet".
Den viktige debatten om rådande og ynskjeleg verdsordning, om verdiar er universelle eller sivilisasjons-spesifikke, om tryggjingspolitikk er noko ein kan velja fritt, osv., blir lite drøfta i norsk politikk, og etter mitt syn er debattnivået både til høgre og venstre prega av slagord og historisk kunnskapsløyse.
Deler av den norske styringseliten har rett nok byrja omtala verda som multipolar, men utan å innsjå at endra styrkeforhold vil tvinga gjennom store endringar for rådande verdsordning. Men den vanlegaste reaksjonen på den nye verdsordninga, som krigane i Ghasa og Ukraina ber bod om, er at krigen i Ukraina er byrjinga på eit russisk erobringstokt i Europa, og at Kina er den nye aggressoren som må isolerast og demmast opp mot; at det er Israel som har rett til å forsvara seg, og ikkje palestinarane som har rett til å gjera opprør mot ein okkupant.
Alt tyder på at me går nokre kaotiske år i møte, både i Vest-Asia, i Europa og i deler av Asia, inntil USA gjev opp sine ambisjonar om hegemonisk dominans og universelle verdiar, men uroa har kimen i seg til ei verd der makta er betre fordelt, med meir demokratiske ordningar og institusjonar.