Påskehelsing 2025

Ein stor skilnad på dei to sivilisasjonane eg har levd i mesteparten av livet - den vestlege og den kinesiske - er graden av frykt. 

Kanskje trur mange i vestverda at det kinesiske samfunnet, sentralstyrt av kommunistpartiet, er eit samfunn der frykt rår. Slik er det ikkje, og kinesisk religion, etikk og filosofi har få element av frykt. Det er ingen gud som må blidgjerast eller som skal gjennomføra eit historisk program frå skaping til dommedag med oss menneske skiftevis som deltakarar, statistar og offer. I mi tid i Kina har denne fryktløysa utløyst skapande krefter som har resultert i ei eksepsjonell utvikling. Ikkje uventa då at president Trump, men alle sine skræmetiltak overfor Kina, er gjenstand for humor meir enn frykt.

Den kristne vestverda syg energi av frykt. Den religiøse frykta for fortaping og helvete, som var dominerande inntil vår tid, er no avløyst av frykt for andres religion og kultur, andres politiske og økonomiske system, frykt for pandemi, terrorisme og økologisk kollaps. Dei fleste fiendar har i ettertid vist seg å vera fantasifoster. 

Påska minner oss om kristendommens kjernebodskap - at gudesonens død var soning for vår skuld, og at vår tru på underet i denne handlinga skal gje oss frelse frå fortaping; slik er også påskebodskapen tufta på frykt.

Truleg har guden som ofra sonen sin gjeve oss meir krig enn fred, meir angst enn harmoni, og meir fortviling enn von.

I den materielle verda har guden som har verna oss og halde frykta i age i åtti år vore USA. Men no er trua i ferd med å rakna. Me lever for tida i eit Europa som både fryktar USA, Kina og Russland. Utfordringa blir å venda energien som frykta skaper om til byggjing av fred, heller enn militarisme og opprusting. Det ser mørkt ut.