Stavanger, januar 2026
Journalist Per Anders Todal har gjeve oss lesarar eit realistisk overblikk over den kinesiske økonomien (lenkje til artikkelen her).
Vestlege observatørar var inntil for få år sidan opptekne av å forklåra alle problema i kinesisk økonomi, og kvifor det må gå gale. Men no er spådommane om kollaps tona ned, og ein er oppteken av å forklåra kvifor det går så godt. Til no er det dei meir instrumentelle forklåringane som rår grunnen, slik Todal peikar på. Årsakane til Kinas økonomiske framgang er mange; nokre kan òg vera sivilisatoriske og tankemessige: Kinas styringsideologi er sett saman av konfusianisme, med sitt kritiske blikk på historia, vekt på sosialetikk og disiplin, kombinert med ein kinesisk sosialisme med framtidsretta målstyring av økonomien, og ein stat som er aktiv økonomisk deltakar, ikkje bare tilretteleggjar. Innanfor desse rammene arbeider den moderne kinesar hardt og målretta, med tru på framtida, i eit samfunn ikkje næra av frykt.
Vestverdas modell dei siste hundreåra har vore utvikling av individuelle rettar i form av liberalt demokrati og velferd, kombinert med aggressiv kolonisering, ekspansjon og ideologi-eksport.
Kina har ikkje lytta til våre velmeinte (og stort sett mislukka) råd for utvikling av eit fattig land; ein har satsa på kollektive sosio-økonomiske menneskerettar, utvikling av industri og handel, og no dei siste åra byggjing av ein velferdsstat i harmoni med natur og miljø.
Verken i historia eller i noverande politikk er det noko som tyder på at Kina vil utvikla seg til ei aggressiv supermakt: Kina er ei stor, men i hovudsak nøytral, handelsmakt. Militæret tryggjar Kinas grenser, og er ikkje eit instrument for global ekspansjon. Og med eit folketal på 1,4 milliardar er Kina fyrst og fremst oppteken av å løysa problem i eige land. Men sjølvsagt, auka militær og politisk kapasitet har ført til at Kina hevdar sine meir enn hundre år gamle territoriale krav, spesielt overfor Taiwan og i Sør-Kina-havet, med større styrke enn tidlegare.
Vår vestlege sivilisasjon har brukt, og bruker, store ressursar på kontroll av menneskesinnet; tidlegare i form av religion, seinare ved bruk av massemedium og populærkultur, og no ved sosiale mediums aktive manipulasjon. Det moderne Kinas modell er meir styrande, og mindre manipulerande. Ikkje-innblanding i andre lands politikk er eit grunnleggjande prinsipp, og Kinas idiosynkratiske kultur og ideologi eignar seg heller ikkje til global ekspansjon. Og nettopp av den grunn har eit lite land som Noreg lite å frykta for Kinas økonomiske utvikling.
Merknadar:
Territoriale krav i nærområdet
I vestverda er det vanleg å sjå på Kinas territoriale krav i nærområdet som prov på supermaktsambisjonar. Men Kina grensar til 14 land, og har stort sett løyst sine grensetvistar på fredeleg vis, med unntak av usemja med India, og på denne grensa har det vore trefningar. Framleis er det usemje med Japan om nokre holmar i Gulehavet (nord for Taiwan), og i Sør-Kina-havet, der mange land, inkludert Kina, har krav. Kina har alltid understreka at ein vil løysa territorial og politisk usemje på fredeleg vis. Taiwan ser ikkje Kina på som territorial usemje, men som symbol på ein uavslutta borgarkrig og dermed ei uferdig atterreising av Kinas suverenitet. Derfor er all politisk aktivitet som støttar eit sjølvstendig Taiwan er ei raud linje for Kina.
Styring, ikkje manipulasjon
Eg skriv at Kina er meir styrande, og mindre manipulerande overfor menneskesinnet enn vestverda. Kina har aldri hatt ein statsreligion, og fleire religionar har levd, og lever, side om side. Ulike dynasti har hatt ulike religiøse favorittar, og vektlagt ulike deler av til dømes konfusianismen. Heller ikkje er kinesiske religionar doktrinære, som kristendommen er. Kinas styring har retning, medan vestleg manipulasjon er retningslaus og opportunistisk.
Ifylgje dei siste undersøkjingar er meir enn 90 prosent av kinesarane i praksis ateistar. Og den største appen innanfor den kinesiske mobilverda - WeChat - med over 1 milliard aktive brukarar, har lite reklame. Kina treng òg i liten grad manipulera veljarar for politisk vinning.