13.06.21
Me har budd i Kina sidan november 2019. For nokre månader sidan såg eg fram til å bli vaksinert. Me er no vaksinerte med ei kinesisk vaksine, og glad var eg for det inntil eg byrja undersøkja heimreise som fullvaksinert til Noreg. Etter å ha lese informasjon frå UDI, FHI og regjeringa er eg slett ikkje sikker på om det var lurt å vaksinera seg i utlandet; ikkje av omsyn til helsa, men av omsyn til det norske helsebyråkratiet.
Kva for vaksiner godtek Noreg?
Det er uråd å finna ut om vaksinering med kinesiske Sinovac eller Sinopharm, eller russiske Sputnik V, vil godtakast av helse-Noreg. Det er lite eller ingen informasjon om desse vaksinene på offisielle norske nettstader. Siste nytt er at det går an å etterregistrera vaksinering gjort i utlandet i SYSVAK. Imidlertid seier FHI at det bare gjeld vaksiner som er EMA-godkjende; for tida gjeld det Phizer, AstraZeneca, Moderna og Janssen, der to av dei ikkje er anbefalt brukt i Noreg. Som om ein restaurant har rettar på menyen som dei anbefaler at kundar ikkje et. Russiske Sputnik V og kinesiske Sinopharm og Sinovac, som det i skrivande stund er sett over ein milliard vaksiner av, er ikkje godkjende. No lurer eg på om eg må vaksinera meg ein gong til med ei godkjend vaksine når eg kjem til Noreg.
Kva for vaksinesertifikat godtek Noreg?
Det ser ut som det bare er vaksinering utført i Noreg som kan registrerast på helsenorge.no og gje grunnlag for å utferda eit vaksinesertifikat. Me som bur i Kina har i over eitt år brukt ein nasjonal digital helseapp knytta til ID-kort eller pass, med detaljert informasjon for sporing, testing og vaksinering. Denne appen er truleg i aktiv bruk av ein milliard personar, og fungerer svært godt, med informasjon både på engelsk og kinesisk. Vil denne nokon gong bli godkjent av norske styresmakter? Viss ikkje, korleis kan me få registrert på helsenorge.no at me er fullvaksinerte? Kor lenge må me venta før me får svar på dette?
Kva tyder smittetrykk og landkodar?
Me som bur utanfor Europa les også om smittetrykk og fargekoda land, og at dette påverkar eventuell karantene i Noreg; men det verkar som desse omgrepa bare omfattar land i Europa.
Forfalska vaksinesertifikat?
Det verkar underleg at norske styresmakter er bekymra for forfalsking av vaksine-informasjon frå land som USA og Kina, der vaksinering er gratis og tilgjengeleg så og seia på kvart gatehjørne. Kvifor skulle eg bruka mange timar på å laga eit falskt sertifikat når eg kan bli vaksinert på timen?
Diverre inngår uvissa om vaksinedokumentasjon inn i eit mønster der styresmaktene kvernar ut reglar og forskrifter utan at konsekvensar og eventualitetar er godt gjennomtenkte på førehand.
Lite innlegg i Aftenposten 17. juni 2021: