Ukrainakrigen - moglege utfall


31. august 2024


Argumenta til forsvar for Ukraina har endra seg litt over tid; forsvar for Ukrainas suverenitet var lenge dominerande, men ikkje overtydande, sidan vestverda har angripe fleire land enn Russland utan å bekymra seg over suverenitetsovergrep. Det mest varige argumentet har imidlertid vore at diktaturet Russland, med eineherskar Putin, har starta eit felttog for å byggja Stor-Russland, og at Ukrainakrigen er starten på dette byggverket - ein oppdatert dominoteri, med andre ord. Eitt problem (av mange) med denne teorien er at vestverda ofte framstiller Russland som svakt i krigen med Ukraina, men sterkt i byggjinga av Stor-Russland. Men Russland kan ikkje samstundes vera sterkt og svakt! 


Om Russland er eit diktatur eller ikkje, om Putin er ein eineherskar eller ikkje, altså ei etisk evaluering av Russland med sitt leiarskap, er for så vidt irrelevant for krigens gang (men ikkje uinteressant i seg sjølv), og er meir å rekna som demagogisk støy i drøftinga av moglege utfall av krigen. Det same gjeld også kva kvalitativ dom ein fell over den ukrainske staten med sine leiarar. 


Her er nokre moglege utfall av krigen i Ukraina:


1. Forhandla løysing

Russland, som den sterke part, og ikkje Ukraina, vil ha initiativet i forhandlingane, og beheld fleire område som er innlemma i Russland under krigen, Ukraina blir nøytralt, og Russland og Kina, og kanskje Europa, er med på å attreisa ukrainsk infrastruktur, og kanskje også industri. USA bryr seg ikkje. 


2. Russland sigrar militært i ein utmattingskrig

Ukraina vil tapa i ein utmattingskrig, fordi vestverda ikkje raskt nok vil kunna eskalera produksjon og forsyning av militært utstyr, i alle fall ikkje raskare enn Russlands krigsindustri kan levera; Ukraina vil også gå tomt for soldatar, i tillegg til krigsutstyr. Russland vil diktera vilkåra for kapitulasjonen.


2. Eskalering til ein større konvensjonell krig som NATO gradvis involverer seg i, med ukjent utfall

Involveringa vil i fyrste omgang vera i form av meir langtrekkjande våpen og NATO-ekspertar nødvendige for å nytta slike våpen. Det er tvilsamt om europeiske (og norske) soldatar er villige til å kriga for Ukraina - eit nokså korrupt, heilt utarma land som truleg ikkje har større folketal enn rundt 30 millionar, når ikkje eingong ukrainske menn inne i landet, og ukrainske flyktningar i Noreg og andre europeiske land, i vernepliktsalder, er villige til å kjempa.


3. Eskalering til kjernefysisk krig

Dette utfallet er minst sannsynleg, fordi vestverda truleg kjem til den brutale konklusjonen at forsvar av Ukraina ikkje er verd ein atomkrig.


Det er sannsynleg at USA er villige til å ofra og risikera meir for eit oppgjerd med Kina enn for eit oppgjerd med Russland.  I USAs strev for "fullspektrum dominans" er  Ukrainakrigen forretten, medan ein framprovosert krig med Kina er hovudretten.