Stavanger, 6. oktober 2026
Dei fleste nordmenn reknar hendinga 7. oktober 2023 som eit terroråtak. Her er eit alternativt synspunkt i form av ein refleksjon over kvifor ei slik hending kunne finna stad.
Det er nesten bare me i vestverda som held fast på premissen at ei valdeleg jødisk innvandring, som etter kvart vaks seg stor i omfang, som etablerte seg med ei forfatning, ei forvaltning og ein hær, som fekk stormaktene på si side, som grunngav retten til land i to tusen år gamle religiøse skrifter, har legitim rett til det landområdet dei har okkupert. Dette synspunktet har aldri palestinarane godteke; heller ikkje dei islamske nasjonalstatane Pakistan og Iran. Og det går langsamt opp for oss at inntrengarane har etablert ein krigarstat som driv med folkemord internt og spreier krig og kaos regionalt.
Palestinarar har aldri kjent jødar som anna enn okkupantar. Derfor bør ein ikkje forventa at palestinarar i Gaza skil mellom antisionisme og antisemittisme, altså mellom Israel-hat og jødehat. Det ville heller ikkje min foreldregenerasjon gjort med omsyn til tyskarar under og rett etter andre verdskrigen.
Israel, med unntak av israelske arabarar og ortodokse jødar, er eit land utan vaksne sivilistar, fordi både kvinner og menn har lang verneplikt i okkupasjonshæren, og er reservistar til langt opp i førtiåra. Dei eller fleste vaksne jødiske israelarar har dermed aktivt teke del i okkupasjonen. At Hamas ser på alle vaksne israelarar som de facto soldatar, rett nok utan uniform, er derfor ikkje til å undrast over.
Gaza var i om lag tjue år ein strengt bevokta utandørs konsentrasjonsleir kontrollert av okkupasjonsmakta Israel og stort sett gløymt av resten av verda. Det Hamas gjorde 7. oktober 2023 kan derfor meir karakteriserast som eit desperat fangeutbrot enn som ei terrorhandling. Mykje av valden fann stad på ein musikkfestival i nærleiken – kanskje ville nokon kvar innanfor gjerdet oppfatta ein musikkfestival nær konsentrasjonleiren dei var sperra inne i som ein provokasjon, og dermed eit relevant angrepsmål.
Nordmenn som syns det var heilt greitt at uprovoserte norske bomber blei sleppte over tettbygde strok i Libya i 2011 kan i alle fall spara seg sin indignasjon over Hamas sitt åtak 7. oktober 2023.