29. august 2024
Ein av dei mest utbreidde sjukdommane i Noreg er Norskesjuka. Syskenbornet til Norskesjuka er Noregsarroganse - "det er typisk norsk å vera best". Norskesjuka går ut på at kunnskap og kompetanse er mindre viktig er overtydingskunst, retorikk og slagord, og at kunnskapsløyse ikkje hindrar ein i å ha bastante meiningar om nesten alt mellom himmel og jord.
Norskesjuka fins over alt i samfunnet, blant anna i næringslivet, der det er vanleg å meina at den som leier ei høgteknologisk ingeniørbedrift ikkje treng kunna noko om produktet selskapet lever av; det er nok å kunna noko om leiing.
I det offentlege Noreg treng heller ikkje ministrar for fagdepartement ha fagkompetanse; det er nok å kunna "faget" politikk. For nokre år sidan tok eg føre meg ministrar i Kina og Noreg og samanlikna kompetanse: Den norske forsvarsministeren hadde studert kristendom og prosjektleiing, helseministeren hadde studert hotelladministrasjon, medan tilsvarande kinesiske ministrar hadde tung fagkompetanse. Vår populære kunnskapsminister i 2024 er jurist utan annan kompetanse om utdanning enn at ho er mor.
Norskesjuka finn ein også att i Noregs internasjonale innsats: Oslo-prosessen, som skulle føra fram til ein palestinsk stat har vore mislukka, blant anna fordi Noreg ikkje hadde spesielle føresetnadar for å leia ein slik prosess, anna enn at dei norske pådrivarane var sterkt infiserte av Norskesjuka. Resultatet var at ein vart lett bytte for slu sionistar med full støtte frå USA.
Likeeins har norsk deltaking i angrep (og okkupasjon) på Serbia, Libya, Syria og Afghanistan blitt vedteke av norske politikarar som nok kan ein del om norske bruer i Sogn og ventelister på sjukehus i Finnmark, men bortimot ingen ting om komplekse regionale konfliktar i fjerne land.
Syster mi, som veit at eg likar å skriva, vil stadig ha meg til å utvida reportoaret. "Du Erik skriv alltid om det same; er det ikkje om Kina, så er det om språk eller religion". Ja, sant nok, men eg ynskjer eigentleg ikkje å skriva om noko eg ikkje kan nok om. Det kan andre gjera.
Sjølvsagt, i festleg lag snakkar eg også om alt mogleg, men det skrivne ordet forpliktar meir enn drøs; kan hende har denne aversjonen mot å meina noko om alt mogleg i skriftform noko med mine mange år i Kina å gjera; dette samfunnet er eit solid meritokrati. Faren med meritokratiet er sjølvsagt at det kan utvikla seg til eit teknokratisk ekspertvelde. Førebels tykkjer eg kunnskapslause mediepolitikar er eit større trugsmål mot det opplyste samfunnet enn politikarar med tung fagkompetanse.
Eg kan ikkje og bør ikkje på likefot drøfta fotballtaktikk med ein fotballekspert, franske vinar med ein vinkjennar, mongolsk innanrikspolitikk med ein Mongoliaforskar, eller distriktspolitikk i Finnmark med ein ordførar frå Mehamn. Asymmetri i kunnskap hindrar ikkje ein person med Norskesjuka å kasta seg ut i slike samtaler; dilettanteri er vel det rette ordet for slikt.