januar 2025
Truleg støttar fleirtalet i Noreg å gje våpen til Ukraina. Men me som er imot dette har rett til å avkrevja ei grundig drøfting og ei god forklåring på korleis Ukraina, som har krympa drastisk både i folketal og økonomi dei siste tretti åra, kan vinna ein krig mot Russland, som har store ressursar, avansert teknologi og industri, og no er verdas fjerde største økonomi (kjøpekraftjustert BNP). Dei fleste norske media og politikarar meiner framleis Ukraina, med vår hjelp, kan vinna krigen. Ei edrueleg drøfting av realismen i eit slikt mål, og drøfting av planar for koss dette er mogleg er sjeldsynt her til lands.
Krigsmål
USAs truleg viktigaste mål med si støtte til Ukraina er å svekka Russland, som forsvarsminister Lloyd Austin sa alt i april 2022. Norske politikarar ser litt annleis på det; i vårt litle land er det geopolitiske stormaktsspelet mindre viktig - her er målet at Ukraina skal vinna krigen mot Russland. Krigen er soleis i fyrste rekkje ein kamp for Ukrainas sjølvstende og suverenitet. Norsk omsut for suverenitetsprinsippet er imidlertid av nyare dato, for vår deltaking i krigane mot Serbia, Libya, Afghanistan og Syria var det motsette av suverenitetsvern, men då motivert av at dette var militærhumanistiske redningsaksjonar, ikkje angrepskrigar. Eit argument som også Russland, med ein viss rett, har brukt for å forklåra åtaket på Ukraina. Elles har dei fleste norske politikarar vore tause om USAs mange suverenitetsovergrep.
Militærekspertisen har so langt vore sers lite treffsikker i si analyse av russiske kapasitetar, krigens gang og moglege utfall. Våre alliertes og våre krigsrøynsler dei siste sytti åra, stort sett frå krigar og ekspedisjonar mot ein militært svak fiende, har heller ikkje vore serleg nyttige i kampen mot Russland.
Krigsstøtte
Norsk politikk var i lang tid ikkje å senda våpen til ein krigførande part; heller ikkje ei nær samla venstresides støtte til Palestinas frigjeringskamp har teke til orde for å senda våpen til palestinarane. Det store brotet med dette standpunktet kom med Ukrainakrigen. Det skal ikkje mykje politisk gangsyn til for å skjøna at omsnunaden i norsk opinion bare var mogleg på grunn av USAs aktive støtte til Ukraina.
Men viss ein fyrst valde å støtta ein krigførande part ved å senda våpen, og viss formålet med våpenhjelpa var å vinna krigen, ikkje bare svekka ein motstandar, så burde ein teke til orde for alle tiltak som styrkar vår side i krigen. So langt har ein truleg meint at dei våpensystema me har levert til Ukraina er så gode og overlegne at dei, kombinert med ein stridsdyktig ukrainsk hær, er nok til å vinna krigen. Dette har vore ei stor feilvurdering.
Då vestverda og Ukraina avviste forhandlingar med Russland omkring mars 2022 var grunnen lagt for ein større utmatningskrig, meir og meir på Russlands premissar.
Ein realistisk plan for ukrainsk krigsmotstand, med vestleg (og norsk) støtte, burde i alle fall vore sett saman av fleire element enn von pluss våpen, slik det har vore til no.
I den tidlege fasen av krigen ville det vore fornuftig å støtta Ukraina med massive investeringar i landets våpenindustri. Ein burde gjeve lån eller gåver til den ukrainske staten til finansiering av offentleg verksemd, og finansiering til styrking av infrastruktur, i tillegg til våpen.
Men i noverande fase av krigen, der Ukraina langt på veg har brukt opp sitt og alliertes våpenarsenal, burde dei som sender våpen til Ukraina også leggja til rette for at Ukraina får dra full nytt av den viktigaste restkapasiteten landet har - menneske i stridsdyktig alder. Det kvite hus i USA har teke til orde for å senka vernepliktsalderen til 18 år, og ein kunne gått fleire skritt vidare og omfamna både kvinner og menn for verneplikt. Ukraina hadde sikkert også hatt bruk for nær ein halv million ukrainske flyktningar i vernepliktig alder.
Og kvifor ikkje leggja til rette for at norske kvinner og menn kan ta del i krigen som soldatar på frivillig og individuell basis? Høyrest dette kynisk ut? Ja, men slike tiltak ville vore den logiske forlenginga av å senda våpen, slik me no gjer.