Stavanger, 1. april 2025
Det gode mot det vonde
Det dualistiske verdssynet - at gode og fredsæle oss (inkludert Ukraina) er i ein eksistensiell krig mot vonde og krigerske Putin - rår i vestverda. Den mangeårige imaginære krigen mot terror er no avløyst av eit liknande fantasifoster - demokratiets kamp mot autokrati.
Det globale sør har eit anna syn på konflikten
Både i opptakten til, i starten av, og no under det som ser ut som byrjinga på slutten av krigen i Ukraina, har eg budd i Kina, og soleis nytt godt av ein både reflektert og nyansert debatt om denne konflikten. Før krigen var Kina Ukrainas største handelspartnar; Ukraina har òg vore medlem av Kinas Belte og veg-initiativ sidan 2017, så det var gode grunnar for Kina til å balansera sitt syn på konflikten. Men Kina har, til liks med Russland, insistert på at rotårsaka til konflikten - NATOs ekspansjon austover - må handterast. Vestverda har so langt insistert på at det er Putin som er rotårsaka til konflikten.
Er suverenitetsvern eit prinsipp?
Alle nasjonalstatar har rett til vern av eigen suverenitet. Men størsteparten av den vestlege medie- og politikareliten deler ikkje dette synet, og har derfor varmt støtta krigar som har øydelagt serbisk, libysk, afghansk og syrisk suverenitet, faktisk med same argumentasjon som Russland òg har brukt i Ukrainakonflikten - at humanitært vern av éi gruppe utsett for overgrep gjer militær intervensjon naudsyn. Men for at Ukraina, med ein pågåande borgarkrig, med eit militærkupp bak seg (eller var det væpna revolusjon?), med undertrykt opposisjon og diskriminering av den russiske minoriteten, skulle gjera seg fortent til vår støtte, måtte me først oppgradera landet til eit demokrati.
Treffsikre militærekspertar?
Vår militærekspertise har for fyrste gong på over sytti år analysert ein krig me støttar mot ein fiende som er oss likeverdig i styrke. Analysene har vore svært lite treffsikre til no, vande som me er til å kriga mot svake fiendar.
Var krigen uprovosert og invasjonen fullskala?
"Uprovosert og fullskala invasjon" er eit omgrep som på mantra-aktiv vis er systematisk repetert fram til no.
Viss konflikten var uprovosert, meiner ein då at einkvar geografisk ekspansjon av ein militærallianse i retning av den definerte fienden ikkje kan oppfattast provoserande?
Korleis kan dette vera ein fullskala invasjon når det under invasjonen er stor trafikk inn og ut av Ukraina frå vest? Slik trafikk ville vore utenkjeleg under Tysklands okkupasjon av Noreg. Er det ikkje nærare sanninga å seia at Russlands invasjon var partiell, ikkje fullskala?
Kan Ukraina vinna krigen?
Ukrainas eigen militære kapasitet var langt på veg øydelagt eit stykkje ut i 2022; deretter har krigen vore ført med våre våpen.
Korleis kunne me tru at Ukraina – svekka av borgarkrig, korrupt, kulturelt og politisk splitta, med elendig økonomi og med eit folketal redusert frå over femti til under førti millionar, med mange millionar på flukt internt og ut av landet både austover og vestover - kunne vinna ein krig mot Russland?
Korleis kan Ukraina vinna krigen med våpen som me ikkje produserer nok av, og eit Ukraina som nøler med full mobilisering av sin einaste restkapasitet - menn og kvinner i stridsdyktig alder?
Korleis kan me tru at Europa i lag med Ukraina, og utan USA, kan halda fram, og til og med vinna krigen?
Korleis kan me tru at ein krig meir og meir i Russlands favør kan vinnast av Ukraina ved forhandlingsbordet? Det som er tapt i krig kan sjeldan vinnast i fredsforhandlingar.
Konturar av eit nytt geopolitisk landskap
Når krigen går mot si avslutning kan det vera verd å spørja: Kven har tapt, og kven har vunne på Ukrainakonflikten?
USA har sløst med ressursar i ein unødvendig konflikt med ei anna stormakt, utan at målet om eit svekka Russland er nådd.
Ukraina er øydelagt for fleire generasjonar, og har ikkje oppnådd noko; USA vil ikkje ha dei i NATO og EU vil ikkje ha dei i EU.
Europa er svekka både politisk og økonomisk, med få venner.
Russland har styrka seg i si strategiske bortvending frå Vest-Europa. Det er nesten ingen vestlege varer eller tenester som ikkje kan erstattast av tilsvarande frå asiatiske land.
Kina har styrka bandet til ressurskjempa Russland og andre viktige ressursleverandørar, og fått arbeidsro til å utvikla seg teknisk og militært som førebuing til USAs forventa konflikt med Kina.