30.12.20
Svært mange land i verda har ei smitteutvikling lik den norske (sjå graf ovanfor); altså ei forverring i løpet av 2020. Media har skrive stolpar opp og vegger ned om rettslege og psykologiske fylgjer av epidemien, om dugnad og råd, og ymse forklåringar er presenterte for kvifor land som Kina og Vietnam har lukkast så godt, medan Vesten har feila så fundamentalt. Det er lov å vona om, men god grunn til å tvila på, ei grundig gransking av dette ein gong i løpet av 2021.
Samfunn i krise
Koronakampen er den nye linsa me kan studera ulike samfunn gjennom. Når det verkeleg gjeld, er det resultata, ikkje prosessane, som tel. Kor godt fungerer sivilsamfunn og politiske system i krise? Kor effektiv er leiarskapen? Korleis prioriterer ulike samfunn? Er ein villig til å læra av andre? Korleis blir eit samfunns faktiske (og påståtte) verdisystem sett på prøve?
For det første er det interessant å sjå på kulturar, litt uavhengig av politisk system – på den ein sida kollektivistiske kulturar, så som Japan, Sør-Korea, Kina og andre, og på den andre sida individualistiske kulturar så som USA, Storbritannia og Noreg. Det er ingen tvil om kva for type kultur som mobiliserer det beste i oss menneske i kriser som den me er oppe i no.
Interessant er det også å samanlikna det relativt statssvake vestleg-kapitalistiske systemet med det statssterke sosialistiske systemet i Kina; det er heller ingen tvil om kva for eit system som har vore mest effektivt i å bekjempa koronaviruset, samstundes som økonomi og samfunn har fungert.
Eg vågar også den påstanden at eit samfunn med mangfaldig industri og produksjon fungerer mykje betre under ei krise enn eitt basert på sørvis og handel. Eit land med industri kan både skalera opp og omstilla produksjon, t.d. frå produksjon av klede til munnbind og anna smittevernutstyr.
Ein gong i 2021, når politiske leiarar og journalistar blir ferdige med skitkasting og skuldingar, og ein skal gjera opp status over verdas kamp mot koronaviruset, bør det ikkje undra oss om Kina, med alle tre føresetnader (dvs. kollektivisme, sterk stat og industri) til stades, kjem best ut av det.
Styringsdugleik i ei krisetid
Etter å ha fylgt godt med i norske og kinesiske massemedium i eitt år har eg lært at norske politikarar er gode på mediestrategi (svært mange av dei går også fram og tilbake mellom politikk og lobbyverksemd), men dårlege på epidemistrategi. Det er også tydeleg at tung administrativ røynsle, som er nødvendig for å handtera ei stor samfunnskrise, er mangelvare blant norske politikarar. Politikken blir derfor i form av stadig skiftande råd og forklåringar av desse, snarare enn iverksetjing av effektive tiltak. For med aukande smitte gjennom året må ein konkludera med at tiltaka har vore lite effektive.
Men ingen kan snakka så informativt, så inderleg og trøystande til det norske folk, om kansellerte femtiårsdagar eller avlyste reiser til Spaniabustaden som norske politikarar. Koronastrategien er imidlertid ikkje serleg imponerande, vinglande frå det eine standpunktet til det andre om kva ein vil, og kva tiltak som er effektive. Medan strategien i Kina har vore krigsretorisk krystallklår frå det tidspunktet det var klårt kva verdssamfunnet stod overfor, har den norske vore prega av håplaus dugnadsretorikk med valsing fram og tilbake mellom ein strategi for kontrollert smitte eller ein for utrydding, mellom individuell fridom eller kollektivt ansvar, mellom oppmjuking eller innstramming, mellom omtanke for liv eller bekymring for økonomi, mellom å behandla folk som hjelpelause barn eller som ansvarlege vaksne. Resultatet er at ein ikkje er komme eitt steg lenger i kampen mot viruset enn ein var i april i 2020, snarare tvert imot.
Vestlege og norske media har fram til no elska å samanlikna sitt påstått overlegne systems omsorg for menneskeverd, liv og helse med det kinesiske samfunnets (og andres) mangel på tilsvarande, og driv ustoppeleg kampanjar for at andre samfunn skal bli meir like vårt. No, når ein plutseleg sjølv kjem dårleg ut, er visst ikkje samanlikning interessant lenger. Det er til og med dei i norske medium som framstiller vår vinglete kurs mot eit uklårt mål, og dei uendelege rettslege diskusjonane om det eine eller det andre tiltaket, som ein siger for demokratiet og ein spesielt informert diskurs. Vel, folk i andre deler av verda, inkludert Kina, er ikkje dummare enn at dei ser det dei ser.
Spådommar om 2021 og frametter
Med eit blikk på verda frå ein asiatisk ståstad vågar eg å setja fram nokre spådommar om verda i 2021 og frametter.
Etter mitt syn er det for tidleg å seia om korona vil endra vårt levesett og måten me organiserer samfunn på; 2021 vil derfor, for dei fleste land, langt på veg vera like mykje eit koronaår som 2020; der dei fleste land i 2020 mislukkast i å stoppa virussmitten, får me vona at ein i kommande år vil lukkast med å gjennomføra eit effektivt vaksinasjonsprogram.
USA og Vesten
Vesten som hovudforvaltar av humanitære verdiar er, post korona, er ikkje lenger opplagt, og kritikk av andres påståtte mangel på omtanke for liv og helse er ikkje lenger like overtydande
USAs mjuke makt blir svekt; Trumps styringsapparat og store deler av landets folkevalde er latterleggjort av både venner, konkurrentar og uvenner, ikkje minst etter landets nederlag i kampen mot koronaviruset. Tiltrua til det amerikanske systemet er også svekt; likevel skal ein ikkje undervurdera landets styrke, men heller ikkje overvurdera landets evne til endring
EU er svekt, med Storbritannia ute, og eit koronasamarbeid i unionen som det ikkje står mykje respekt av
Vesten med USA i spissen vil freista samla seg politisk mot Kina og definera landet som hovudtrugsmål; når ein etter kvar innser at det er umogleg å isolera Kina politisk, men samstundes samhandla økonomisk, og at Vesten er meir avhengig av Kina enn Kina er av Vesten, vil Vestens samla front mot Kina gradvis gå i oppløysing; men denne prosessen kan ta fleire år
Asia og Kina
Kinas økonomi vil styrka seg markant (som etter finanskrisa i 2008), og landet vil ha aukande prestisje først og fremst utanfor den vestlege kultursfæren; Kina under Xi Jinpings leiarskap både kan og vil markera tydelegare kva ein vil, kva ein har kapasitet til, og kvar grensene går for det som ein oppfattar som akseptabelt frå andre land
Asia, med sitt pragmatiske økonomiske samarbeid på tvers av politiske og kulturelle system, snarare enn Vestens våpen- og verdibaserte samarbeid, vil meir og meir framstå som utviklingsmodell til etterlikning
India og USA vil ikkje lukkast med sin Asia-strategi for å isolera Kina
Iran vil overleva både med og utan eit USA som del av JCPOA («atomavtala»), og etter kvart framstå som den mest forutseielege regionale stormakta i Midt-Austen, også med ein nøkkelposisjon i Belte- og veginitiativet
Russland
Russlands gradvise bortvending frå Europa i retning av Asia vil halda fram; overfor alle andre land enn "gamle fiendar" har Russland visst seg å ha eit smidig diplomati
Latin-Amerika
USAs politiske grep om Latin-Amerika vil svekkast som fylgje av Kinas dominerande rolle som viktigaste handelspartnar
Afrika
Afrika som kontinent nyt delvis godt av same "arbeidsro" som Kina hadde den gongen det produserte billig krimskrams for Vesten; ein stor frihandelsavtale er i emning, og Kina handlar med og byggjer infrastruktur på kontinentet (som er heilt nødvendig for utvikling).
Krig og fred
USA og Vestens krigar vil truleg halda fram ei stund til; der Vesten går tapande ut, er det grunn til å tru at Kina går inn med gjenoppbyggjing og utvikling
Det største trugsmålet mot verdsfreden er eit hegemonisk USA (i lag med NATO) på nye krigseventyr; ei nedtoning av den vestlege «kampen mot terror» i og rundt område rundt Midt-Austen og Vest-Asia er venteleg, med ei tilsvarande opptrapping i område viktige for Kina, serleg relatert til Sørkinahavet og Taiwan