30.03.22
Vestverda står samla i synet på krigen i Ukraina og sanksjonar mot Russland, men har paradoksalt nok aldri stått meir åleine, fordi dei fleste statar i Asia, Afrika og Latin-Amerika nok tek avstand frå sjølve krigshandlingane, men ikkje vil bli med på sanksjonane mot Russland. På same vis som Noreg heller ikkje tok stilling til, eller kravde sanksjonar mot, USAs mange angrepskrigar dei siste tiåra, vil heller ikkje desse statane ta stilling til det mange av dei oppfattar som Russlands krig mot eit ekspanderande USA/NATO.
Det er vanleg å rettferdiggjera krigar ved å setja dei i ein større samanheng. Soleis var europeiske lands kolonikrigar grunngjeve med utbreiing av sivilisasjon og kristendom, Amerikas krigar i Asia og andre kontinent var ideologisk kamp mot kommunisme og sosialisme og for demokrati; nyare krigar har vore kamp mot terrorisme, og nokre krigar har også vore presenterte som humanitærintervensjonar.
Dei fleste analytikarar er samde om at krigen i Ukraina er ein skilsetjande konflikt som er noko meir enn ein regional konflikt mellom to naboland.
USA og Vestverda ser på krigen i Ukraina som diktatoren Putins uprovoserte og brutale åtak på eit mindre naboland; det er alles plikt å både vera mot krigen og for sanksjonane. Den store forteljinga er soleis at krigen i Ukraina både er vern av suverenitet og del av eit verdioppgjer mellom liberalt demokrati (fronta av USA og dei fleste vestlege land) og autokrati (representert av Russland, Kina, Iran og ei rekkje andre land); Vestverda krigar ikkje lenger mot terror, men mot mot autokrati!
Eit alternativt syn er at krigen i Ukraina eigentleg handlar om ein konflikt mellom ei multipolar verd med store og små statar, varierande i økonomisk og militær styrke, men ingen med absolutt dominans, og ei unipolar verd dominert av USA og vestlege land. Både Russland, Kina, Iran, Syria, India, Pakistan og dei fleste utviklingsland vil oppleva dette synspunktet som mest relevant for deira situasjon.
Det er grunn til å tru at ikkje bare høgre og sentrum, men store deler av venstresida i Noreg, vil gje si støtte til Vestverdas forståing av krigen. Kor lenge det vestlege samhaldet vil vara, når ein oppdagar at økonomien i vår del av verda er meir avhengig av Russlands ressurs- og industriøkonomi enn ein hadde trudd, og at Russland truleg var godt førebudd på sanksjonane, skal bli interessant å fylgja med på.