Stavanger, 10. desember 2025
Eg tillet meg litt kynisk spekulasjon om Ukrainakrigen:
Krigen går langsamt mot slutten, og i Russlands favør. For den som har den minste forståing for ressursar, industriell kapasitet og folketal, er det inga overrasking. Russland har i praksis overvunne både Ukrainas slagkraftige hær (den største i Europa etter Tyrkia) og NATOs arsenal av våpen og etterretning stilt til Ukrainas rådvelde. Ein ikkje liten bragd for verdas mest sanksjonerte land, og ei påminning om at Russland som stormakt er tilbake med full styrke.
EU og Ukraina meiner at freden skal dikterast av den tapande part - USA er litt meir realistisk.
President Trump, som under sin fyrste presidentperiode rusta opp Ukrainas hær, vil nok primært ynskja å framstå som vinnar, men i minst to år har ein visst at ein lettvint siger for Ukraina er utanfor rekkevidde. Subsidiært vil Trump gjerne framstå som fredsmeklar, noko han har prøvd seg på i nokre månadar med blanda resultat. Verst er det for Trump å framstå som tapar i ein krig USA har teke heilhjarta del i.
Etter mitt syn vil Putin ikkje avvisa Trumps ulike fredsframlegg, men forhandla fram til resultatet er så og seia identisk med Russlands opphavelege krav, dvs. til dei sokalla "rotårsakar" til konflikten har funne si løysing. Og kamphandlingane vil halda fram til dess.
USA vil kanskje heilt avslutta sitt militær-etterretningsmessige engasjement i denne fasen, for å unngå å blir assosiert med den tapande part Ukraina. USA vil kanskje òg tvinga sine europeiske allierte til å avslutta deira militære støtte til Ukraina, alternativt lata dei halda fram krigen, slik dei ynskjer, med amerikanske våpen og ukrainske soldatar, finansiert av stolen russisk nasjonalformue.
Sidan regimeskiftet i Ukraina i 2014 har USA langt på veg diktert Ukrainas politikk. Til no har tonen i vestlege media vore at Ukraina forsvarar Europas demokrati mot ein ekspansiv despot. Dei siste tiders lekkasjar om ukrainsk korrupsjon, der tidspunktet ikkje er tilfeldig, er truleg ei gradvis bortvending frå dette synspunktet, og ein freistnad på å nedgradera Ukraina frå kjempande demokrati til korrupt oligarki, som dermed gjer det lettare for oss å godta krigsnederlaget.