I vårt nabolag kryr det av frittgåande huskattar. Skal eg ein tur opp på garasjeloftet for å henta noko, kan eg blir møtt av ein katt som har nytta loftet til overnatting. Er eg er ein tur i hagen eller i innkøyrsla må eg gjerne gå sikksakk mellom klumpar av kattedrit. Vil eg nyta fugleliv og fuglesong i nabolaget, oppdagar eg snart at dei sårbare småfuglane er aktivt jakta på av ein sann armé av huskattar.
Ja, det må seiast: Den norske, frittgåande huskatten er eit skadedyr, og i motsetnad til ulven er han også eit framandelement i norsk fauna. Ulven er bare økonomisk skadeleg for menneskeleg husdyrdrift, men fullt og heilt ein deltakar for å oppretta økologisk balanse. Huskatten, derimot, er både ei miljø- og naturskadedyr.
Neste gong du les om frittgåande kattar som det er teke liv av, så undertrykk kjensla av at nokon vil kjæledyr til livs; tenk heller at norsk natur har fått nokre færre frittgåande skadedyr. Sørg meir over ein drept ulv eller ein drept katt!
katten er øvst i næringskjeda, og kan bare eta protein
katten er smittebærar for den fårlege parasitten toksoplasmose
katten er eit rovdyr og til stor skade for blant anna fuglelivet
Forskinga bekreftar også mitt negative syn på den norske, frittgående huskatten. Les her: