11.01.23
Norsk venstresides synspunkt og standpunkt omkring Ukraina-krigen og våpenstøtte til Ukraina er både i ordval og analyse forvirrande; alle vil ha slutt på krigen, men nokre meiner meir våpen er den beste metode (SV og deler av Raudt), medan andre meiner forhandlingar no er best.
Både Raudt og avisa Klassekampen skriv nokså konsekvent om "Putin-regimet" - standard ordbruk når ein meiner at eit lands styremakter ikkje er legitime. Viss ein meiner at Putin og hans regjering ikkje er rettmessige styresmakter i Russland, kven i såfall er dei? Skal me finna ein Russlands Guaidó som me anerkjenner som president i staden for Putin? Trur me at moderate krefter står klar til å overta når "Putin-regimet" fell?
Raudt kallar dette ein imperialistisk krig. Når blei Russland ei imperialistmakt? Eller meiner ein alle land som okkuperer eit anna land er imperialistisk; i såfall er omgrepet imperialisme tømt for innhald og er relegert til eit generelt politisk skjellsord.
Innsamling av våpen til ein angripen eller okkupert part har aldri vore praktisert på norsk venstreside - kvifor unntaket for Ukraina? Er det Ukrainas geografiske og kulturelle nærleik til oss som gjer at norsk venstreside støttar sending av våpen? I såfall er det nærliggjande å meina at vår våpenstøtte har rasistiske overtonar, eller at me er i ferd med å etablera eit slags verdighetshierarki, der partar som me støttar med våpen er på toppen av pyramiden, og partar som bare er verd ein støtteresolusjon eller ein demonstrasjon er på botnen.
Men kanskje er det Ukrainakrigens grusomhet, samanlikna med andre pågåande krigar (Syria og Jemen til dømes), som gjer det naudsynt å senda våpen? Då bør kanskje dette i alle fall dokumenterast med antall sivile dødsfall i Ukraina, samanlikna med andre land i krig.
Kanskje kan våpenstøtte føra til ei tidlegare avslutning av krigen ved at Ukraina vinn, men ein slik påstand bør ha basis i ei god analyse av styrkeforholdet Russland/Ukraina. Eg kan ikkje hugsa å ha lese mange artiklar i norske media som analyserer dette nøkternt.
Partiet Raudt har også foreslått at Noreg kan utferda ein arrestordre for å få Putin straffa for krigen i etterkant. Eg kan ikkje hugsa at partiet har teke til orde for liknande arrestordre for politikarar frå Noreg eller andre land som har invadert andre land.
Overalt i våre media kan ein lesa at Russlands angrep er uprovosert, men å fordømma krigen utan å nemna kontekst er like dumt som å hitlerifisera alle statsleiarar me er i konflikt med (Putin inkludert).
Sjølv er eg av den oppfatning av Vesten er ansvarleg for konflikten, medan Russland er ansvarleg for krigen.