17.12.20
Å observera sin eigen kultur litt på avstand er alltid nyttig. Eg gjer meg nokre tankar her under mitt eittårige opphald i Beijing som «koronaflyktning».
Koronaviruset oppfører seg likt i alle land det slår seg ned i, så det er all grunn til å samanlikna ulike lands strategiar og kapasitetar.
På fleire tiår har ikkje kontrasten mellom livet i Kina og Europa vore større enn nett no. I Kina går livet omtrent som normalt, med reising inne i landet, restaurantbesøk, opne skular, kontor og kjøpesenter, medan det er unntakstilstand i store delar av Europa. Korleis kom me hit? Her er framlegg til ei forklåring.
For store delar av norske medium og dei fleste politikarar i Noreg er toleranse fyrst og fremst til heimebruk. Straks ein omtalar land og system utanfor vår kulturkrins og vårt politiske system, rår framandfrykta og intoleransen i like stor grad som hos dei ein tek avstand frå i politikken heime; resultatet er fordømming i staden for undring, mistenkeleggjering i staden for nysgjerrigheit, avvising i staden for læring.
Dette er bakteppet for vestlege medias dekning av covid-19-utbrotet for om lag eitt år sidan. Kinas respons blei mistenkeleggjord frå fyrste dag som seindrektig, autoritær, unødvendig streng, og forklart med sal og eting av ville dyr; ein var raskt ute med merkelappen «Wuhan-viruset». Eit blikk på verda i dag, der livet i Kina er koronafritt, medan store delar av Europa og Amerika nett praktiserer «Wuhan-metoden», burde gje rom for refleksjon som eg har sett lite til i vestlege medium til no.
Vestleg mistenkeleggjering av, og uvilje mot, andre land er oftast kombinert med hybris (overmod), som hindrar både nysgjerrigheit og læring: I fyrste omgang hindra det oss i å ta Kinas åtvaringar i januar/februar på alvor; virussmitten blei avskriven som eit asiatisk problem fjernt frå oss. Resultatet var at ein kom for seint i gang og blei heile tida springande etter viruset. Lenge trudde me også at vår velstand og våre gode system ville hindra liknande tilstandar som i land me vanlegvis ikkje samanliknar oss me, men her blei me raskt innhenta av røynda. Interessant nok blir ein no presentert for forklåringar om at det nettopp er vårt overlegne rettssystem som hindrar oss i å gjennomføra nødvendige tiltak! Ja, det er ikkje lett å bli klok på argumentasjonen, men fantasifull er han i alle fall.
Mangel på nysgjerrigheit og uviljen mot å læra av «dei andre» gjorde også at ein, etter mitt syn, valde ein feilaktig strategi i kamp mot viruset. Den vestlege modellen, i ulike variantar, har heile tida vore å balansera smitte og helsesystemkapasitet, medan den kinesiske modellen har vore å utrydda viruset. Om den vestlege modellen var eit kvalitetssystem, kan ein seia at med dette systemet skal feilen ikkje rettast så lenge det er nok verkstadkapasitet, medan det kinesiske systemet er eit system med nullfeiltoleranse.
Den kinesiske utryddingsstrategien har so langt vist seg å vera overlegen alle andre strategiar – best på vern av liv, administrativt gjennomførbar, folkeleg akseptabel og minst skadeleg for samfunn og økonomi.
Sjølvsagt kan ein avskriva den kinesiske utryddingsstrategien med at han ikkje lèt seg gjennomføra i vårt vestlege demokrati, og at han utelukkande består av overvaking og streng kontroll. Etter mitt syn er dette lettvint argumentasjon basert på fordommar meir enn på kunnskapar. I store delar av Europa var dei fleste føresetnader til stades for gjennomføring av ein tilsvarande utryddingsstrategi, om uviljen mot andres system var mindre, og viljen til å læra av andre var større.
Til sist bør det nemnast at medium og politikarar i Vesten har hatt særs lite evne og vilje til å visa sjenerøsitet og glede overfor eit Kina som i løpet av 2020 i praksis har utrydda koronaviruset på kinesisk jord før ein vaksine ligg føre; som har vore hovudleverandør av kritisk medisinsk utstyr til resten av verda, som i same år har avskaffa absolutt fattigdom i eige land, og som no er økonomisk lokomotiv for ein svekt og skadd verdsøkonomi. Kva har vore Vestens globale bidrag i dette kritiske året?
For den som vil, er det mykje å læra frå det siste årets hendingar, og nok å ta fatt i både i form av undersøking og ransaking; oftast er det lurt å byrja med seg sjølv.