AVSKAFF VINJOURNALISTIKKEN!
Stavanger, 7. november 2026
Vinjournalistikken kviler på ein underleg premiss – at vin passar til nesten all mat (ja, kanskje med unntak av salat med edikkdressing). Tenk om ein matjournalist skulle få det føre seg at brun saus passar til alt?
Denne underlege premissen bør leggjast bort, ja, faktisk bør me avvikla heile vinjournalistikken som sjanger, av fleire grunnar:
Smak: Same koss ein snur og vender på det, med påstandar om at vin smakar som kanel, er mjuk som silke, med fyldige tanninar, at fuktig vin er tørr osv., så er vin ein drikk laga av bare ei frukt, som hovudsakleg smakar litt søtt og litt surt, ja i tillegg til at drikken inneheld ein god del alkohol.
Helse: Verken sukker eller alkohol, som vin inneheld mykje av, er spesielt godt for helsa. At vindrikking er hyggeleg, sosialt og avslappande er ikkje det same som at det er sunt.
Sneversyn: Vinjournalistikken krinsar omkring vår del av verda og vår kultur, og tek ikkje inn over seg at vin ikkje blir konsumert av dei fleste av verdas muslimar, og i liten grad i verdas to mest folkerike land – Kina og India.
Mattilpassing: Vinjournalisten vil prakka vin på store matkulturar der vin aldri har vore ein naturleg del av måltidet. Forlengst har me utvida våre etevanar med mat frå Mexico, Tyrkia, India, Thailand, Kina, Japan og mange fleire land; matkulturar der den sursøte drykken vin slett ikkje er eit opplagt val. Vin kan passa godt til vår vestlege festmat, som er proteinrik og feit, men oftast ikkje til mat der grønsak også er ein rett, ikkje bare fargerik pynt.
Derfor er det på tide å avskaffa vinjournalistikken, for sjangeren gav kanskje meining den gong då festmat var variantar av vestleg mat, men i dag er ein så smal journalistikk meiningslaus; like meiningslaus som tacojournalistikk. Vinkjennaren bør setja seg på skulebenken for å bli drikkejournalist, ikkje bare vinjournalist. Han eller ho bør tileigna seg kunnskap om det store utvalet av drykk som eit godt komponert måltid utanfor vår kulturkrins kan by på. Til japansk mat er sake – ein drykk laga av fermentert ris – eit naturleg val, og både risvin, brennevin og te er naturleg del av eit kinesisk måltid.
Drikkejournalisten må gjerne halda ved like sin kunnskap om vin, men ganen - og sjangeren - må opnast for andre fuktige smakar. Mat frå alle verdas kantar har forlengst innteke det norske matbordet, men den evinnelege vinflaska held stand der ho faktisk ikkje høyrer heime, som ein invaderande og utilpassa gjest, takk vera altfor mange overivrige og kunnskapslause vinjournalistar.