På nettstaden båt og blogg skriv eg om båtliv, om fartøy eg har eigd, eller planlegg å eiga; og om skiftande maritime interesser over mange år - frå kajakk og kano, til tradisjonell seglbåt, og no til trimaran med segl.
Bloggen handlar mest om politikk, og eitt hovudtema er vestverdas hybris, hegemoni og militarisme; meiningane mine er prega av at eg har observert Kinas fredelege utvikling over ein førtiårsperiode, og budd der i meir enn tjue år. Men eg skriv òg om anna - både religion og kultur, og elles det eg er oppteken av.
Nynorsken er viktig for meg; for tida er eg nettredaktør for Stavangers einaste båtforeiningsnettstad på nynorsk: Hillevåg båtforening.
Før du les vidare - bli inspirert av litt maritim poesi:
Siste bloggartiklar
Russisk språk - sjakk matt i Ukraina?
Manglande realisme i synet på Ukrainakonflikten
Bort med skia, fram med trugene
Korleis kan Ukraina vinna krigen?
Er Taiwan ikkje lenger Republikken Kina?
Avskaff det private hyttelivet!
Innmelding eller utmelding i Den norske kyrkja?
Ukrainakrigen - moglege utfall
Du var vinden
Eg er ein båt
utan vind.
Du var vinden.
Var det den leidi eg skulde?
Kven spør etter leidi
når ein har slik vind!
Olav H. Hauge, Dropar i austavind (1966)
Me siglar ikkje same havet
Me siglar ikkje same havet,
endå det ser so ut.
Grovt timber og jarn på dekk,
sand og sement i romet,
djupt ligg eg, seint sig eg,
stampar i broddsjø,
uler i skodde.
Du sigler i ein papirbåt,
og draumen ber det blå seglet,
so linn er vinden, so var er bylgja.
Olav H. Hauge, Dropar i austavind (1966)
Jeg spiler min vinge, hejser mit sejl
Jeg spiler min vinge, hejser mit sejl,
suser som ørn over livssjøens spejl;
agter går mågernes skare.
Overbord med fornuftens ballast kun!
Kanhænde jeg sejler min skude på grund;
men så er det dog dejligt at fare!
Henrik Ibsen, Kjærlighedens Komedie (1862)
Eg ligg her seglbudd
Eg ligg her seglbudd; alle mastrer svagar
i brotsterk byr, og skaut og toppsegl svell
som kjempebringur; skuta styn og ragar
og rullar sidemots, og toga smell
som svipeslag mot rærne; vinden jagar
med milelange tilsprang, stupefell
med song i segla. Maa det noko breste?
Kor hardt fyrr ankerklørne slepper feste!
Eg totte her var gode festegrunnar,
eg kasta anker i so djup ein sjø,
i djupnom gapte sterke grjotbergmunnar
um staalet — ja, dei trudde det var brød. —
Aa, hjarterøtenn fann dei same brunnar
som ankerlekkja, og fann grorastød.
No lyt dei breste; fyr kvar taag som raknar
ein saarverk-styng i hjartemergen vaknar.
Olav Nygard, Ved vebande (1923)