Stavanger, 22. mars 2026
Mest kvar gong er går inn til byen passerer den flotte metodistkyrkja i Stavanger. Ho er litt over hundre år gammal, og er truleg Stavangers fyrste arbeidskyrkje.
Det er minst to utryddingstryga kristne trussamfunn i Noreg; metodistkyrkja er det eine, medan kvekarsamfunnet er det andre. Metodistkyrkja i Haugesund er no nedlagt, og truleg er det like lite folk i kyrkjebenkane som det er hårstrå på hovudet til den typiske metodistkyrkjegjengar.
Sjølv hugsar eg at me bedehusfolk i Sandnes somme tider var i metodistkyrkja i Sandnes (som det enno er litt liv i).
For eit par dagar sidan noterte eg meg at metodistkyrkja i Stavanger inviterte til kyrkjekaffi på ein laurdag, og eg bestemte meg for å ta ein tur. Vaflene var gode, og velkomsten like varm som kaffien, og etter ei lita stund blant eit par ikkje altfor snakkesalige gamlingar kom eg i drøs med ei eldre dame som fortalde at ho, som dotter til vaktmeisteren, så og seia var oppvaksen i metodistkyrkja. Ho minnest den gong då det var 250 born på sundagsskule, og speidaren lånte lokale der. Framleis er det er rekkje aktivitetar – både Blå kors, norskopplæring og ymse anna.
I sjølve kyrkjerommet kom eg i drøs med presten, og han hadde mangt å fortelja om både metodistisk teologi og historikk. Metodismen tonar ned arvesynda, og trur at barna tilhøyrer Gud, ikkje Djevelen, frå fødselen av. Derfor står døypefonten i metodistkyrkja innanfor altarringen, og ikkje utanfor, som i Den norske kyrkja, for der trur ein at barnet fyrst er frelst ved dåpen, so eit Djevelens born kan ikkje takast innanfor altarringen for å døypast; dette handlinga må gjerast på utsida.
Metodismen har heller ikkje stridd med teologi som forbyr kvinnelege prestar og homofili, sjølv om det kan vera sosialt konservative element i kyrkjelyden.
Metodistkyrkja i Stavanger blei skipa av forretningsfolk, som sette sitt preg på kyrkjelivet, medan tilsvarande metodistkyrkje i Sarpsborg vart skipa av sagbruksarbeidarar.
Stiftaren Jon Wesley var ein kvinnekjær mann, fortel presten, noko som ikkje var ukomplisert i hans iver for omvending. Men på eit tidspunkt i livet forstod han at likevel at gjerningar utan tru var fånyttes; trua er derfor grunnlaget for all god gjerning, ikkje omvendt. Elles er den opphavelege metodistkyrkja svært nær i teologi til den anglikanske kyrkja, og i dag truleg det kyrkjesamfunnet som ligg nærast den norske folkekyrkja.
Den kunstinteresserte kan merka seg at den kjende målaren Eilif Petersen har måla altartavla, som viser ein europeisk utsjåande Jesus på kne i Getsemane.
Galleriet var forresten pryda med ei davidssjerne som visstnok blei montert like etter andre verdskrigen. Elles stod det òg ein liten talarstol på golvet, med ei davidstjerne inni ein kross, som presten ikkje syns noko om – som om kristendommen hadde erobra jødedommen. Det var visstnok ein kristensionist som hadde sett denne opp før hans tid, sa han.
I metodistkyrja i Stavanger er det to medlemskapskategoriar – bekjennande kristne, som har røysterett, og dei andre medlemane utan røysterett, men som likefullt tel med for innkassering av kyrkjeskatten.
Alt i alt var det to særs lærerike timar i metodistkyrkja.