12.02.23
Eg har lese KK i mange år, men no tek eg farvel, av fylgjande grunnar:
Det (akademiske) kulturstoffet som fyller store deler av spaltene kan eg like godt lesa andre stader (Dag og Tid dekkjer mitt behov). KK skriv om kultur omtrent som andre aviser, utan eit perspektiv som ein kunne venta av ei avis på venstresida. Forfattarar frå Sambandsstatane får alltid brei dekning, sjølv om dei fleste av dei sjeldan har ein horisont som når lenger enn til Mexicogrensa. Og korleis ei klassekampavis seriøst kan drøfta ein norsk litterær kanon (som om litteratur var upartisk) skjønar ikkje eg.
KKs musikkmagasin skriv mest om anglo-amerikansk musikk, alternativt norsk musikk med dårlege engelske songtekstar, og er soleis heller ikkje serleg perspektivutvidande. Musikkjournalistane er sers glade i allslags Americana.
Det politiske stoffet er "venstristisk", men ganske tannlaust; det er lite som minner om at KK er ei klassekampavis, og perspektivet er nesten alltid vestleg; analytisk kapasitet i India, Kina og andre land utanfor vår kulturkrins blir sjeldan teke i bruk (med mindre dei har busett seg utanfor heimlandet). KKs journalistar kunne like gjerne skrive for Aftenposten; ein av dei meinte til og med at det meste tydde på at det var Russland som hadde sprengt sin eigen gassleidning (alt det vonde kjem frå Russland, også sjølvskading......).
For ein aldrande tingar som meg sjølv, som forlengst har avklåra min eigen kjønnsidentitet er alt identitetsstoffet ganske uinteressant, og sers påverka av amerikansk røyndom, der alle identitetar er av stor interesse, med unnatak av den du har som arbeidstakar.
Med omsyn til Ukrainakonflikten er det grunne analyser av årsakar, og simplistisk "hitlerifisering". Ukraina er visstnok fyrste stopp i ein russisk-storekspansjon. Korleis Russland med færre enn to hundre tusen soldatar kunne okkupera eit godt rusta Ukraina blir aldri forklåra, heller ikkje kvifor ein aldrande Putin venta i nesten tjuefem år før han kom på at no var tida mogen til å byggja eit imperium. KKs journalistar peprar sine reportasjar med ord som "russisk propaganda", "russisk desinformasjon", som om propaganda bare fins på den eine sida av konflikten. Nei, dette er for dumt.
Oppsummert kunne ein seia at (også) i KK har kjensler erstatta analyser.
Avisa stør sanksjonane mot Russland, men eg kan ikkje hugsa at mykje spalteplass er brukt der ein tek til orde for opphevingar av sanksjonane mot Syria, Iran eller Cuba. Og Putin er krigsforbrytar, men ikkje Gahr Støre og Stoltenberg (som til overmål heller ikkje har angra sine synder i Libya).
Generelt fylgjer KKs ordbruk vår vestlege standard, der me på arrogant vis deler ut karakter til land rundt omkring oss: Russland og Syria har regime eller diktator, Kina er autoritært, men Israel og USA har alltid regjering.
Kort sagt: Eg har fått nok av Klassekampens danna kritikk av hegemonen og tilsvarande udanna åtak på andre aktørar, store og små, og avisas beundring for alt angloamerikansk, enten det er akademia, kultur eller politikk.
Eg kjem gjerne tilbake som tingar når avisa har blitt eit skarpare våpen for klassekamp og global rettferd, og ikkje den butte saga som ho er no.