Innmelding eller utmelding?
Eg melde meg ut av Den norske kyrkja i 2014 med fylgjande utmeldingsbrev:
"Kjære kyrkje
Eg har tenkt på dette lenge, men har no, i ein alder av nesten seksti år, komme fram til at skal eg ta kyrkja på alvor, og ikkje bare sjå på henne som ein sørvisstasjon for livshendingar, er utmelding det rette valet for meg.
Me lever rett nok i ein kristen kultur, men Jahve er berre er ein av mange gudar opp gjennom historia, og eg får meg ikkje til å meina at den jødisk-kristne religionsforteljinga er meir sann, meir truverdig, meir etisk høgverdig, meir kontemplativ eller meir estetisk enn andre.
I desse tider observerer eg også med skuffelse at den norske kyrkja ikkje klarer å skilja seg frå ein religiøs og kulturell tradisjon som er serleg oppteken av underliv og seksualliv. Seksualliv, unnfanging, svangerskap/avbrot av svangerskap høyrer livet til, men fortener langt mindre merksemd enn dei får av dei tre store semittiske religionane; eg trur heller ikkje på kyrkjas påstand om at synspunkta relatert til underliv og samliv er spesielt viktige for vårt syn på menneskeverd og verdiar; eg ser heller ingen prov på at dette er sant i det verkelege livet.
Og sist - eg kan ikkje sjå at det er spesielt fruktbart å nytta ei boksamling (Bibelen) som hovudrettesnor for tru og liv; altså trur eg det er lite å henta av visdom og innsikt ved uendelege filologiske granskingar og teologiske tolkingar av denne skriftsamlinga. Me kjem mykje lenger i vår moralske refleksjon utan den bibelske tvangstrøya.
Takk for laget so langt".
I mellomtida har mi meining ikkje endra seg, men kyrkjas synspunkt har vore i drift: Ho har gradvis nedvurdert synet på både livmor, underliv og seksualliv som rettesnor for trua, og overlete dette til oss sjølve, eller til terapeutar, men ikkje til teologar. Derfor er mine verdibaserte argument for utmelding betydeleg svekka, sjølv om eg eigentleg ikkje trur på forteljinga om det syndige mennesket, skapt av gud, som bare kan frelsast ved at ein trur på den av guddommane i treeininga som er både gud og menneske, og som døydde for oss.
Imidlertid kan det vera andre argument for å melda seg inn i kyrkja att, som dels har å gjera med økonomi, dels med etikk og livssyn: Den norske kyrkja er ikkje stykkprisfinansiert, men får ein årleg sum av det offentlege til drift og investeringar. Andre trussamfunn, derimot, får pengar frå det offentlege basert på stykkprisfinansiering, altså ein sum per medlem. Den som melder seg ut av Den norske kyrkja frigjer ein årleg offentleg sum (om lag 1500 kr) som det offentlege gjev til det trussamfunnet ein vel å melda seg inn i. Vel ein å ikkje bli medlem i eit nytt trussamfunn, blir summen fordelt på alle trussamfunn, med unntak av Den norske kyrkja. At det er gratis pengar å henta for trussamfunn er tydeleg når Humanistene tibyd gratis medlemskap, fordi kvar nye medlem utløyser pengestøtte frå staten som "styrker våre prosjekter", som det står på deira nettstad. Oppblåst medlemstal i Den katolske kyrkja for nokre år sidan er del av same stykkprisfinansieringssystem.
Eg har vald å ikkje melda meg inn i eit anna trussamfunn, heller ikkje Human-Etisk Forbund, som også blir rekna som eit trussamfunn, og har dermed gjeve eit bidrag til auka offentlege utgifter, som til overmål blir fordelt på allslags religionar og trussamfunn som eg har mykje mindre sams med enn Den norske kyrkja.
Melder eg meg inn i Den norske kyrkja kan eg med godt samvit nyta godt av eit flott kyrkjebygg og alt av sosialt liv som kyrkjelyden steller i stand. Eg kan òg ta del i kyrkjelydens medlemsdemokrati, og røysta på kandidatar som er med på å dra kyrkja i ei retning som er meir i tråd med mine verdiar og synspunkt.
Skal eg då melda meg inn i Den norske kyrkja att?