Stavanger, 22. mars 2026
RETT TIL PRIVATLIV?
Ei vidare drøfting av kor vidt sentrale personar i vårt lands politiske elite kan forventa å ha rett til eit privatliv heilt isolert frå deira offentlege roller er ein interessant diskusjon. Men her skal eg konsentrera meg om stortingspresident og sentrale personar i kongehuset, fordi desse personane representerer den symbolske makta til det konstitusjonelle monarkiet Noreg.
Har stortingspresident og sentrale personar i kongehuset rett til privatliv? Dei fleste vil svara ja på dette spørsmålet, men mitt svar er nei – dei har ikkje krav på privatliv i allminneleg forståing av dette omgrepet, og å insistera på at det er mogleg å ha eit normalt privatliv og å ha ei sentral rolle innanfor den symbolske og reelle styringseliten skapar mange problem.
Dette er personar som utfører Noregs høgaste embetsfunksjonar som dei frivillig kan gå ut av, rett nok ikkje utan komplikasjonar. Kongen kan frivillig abdisera, ein kronprins kan seia frå seia seg framtidig kongetittel, og ein stortingspresident skiftast ut i løpet av kort tid.
Stortingspresidenten kan som andre generasjons iranar ikkje driva iransk innanrikspolitikk etter arbeidstid; det er som å spela piano og trekkspel samstundes, i kvar sin toneart. Og politiske eksilmiljø, enten dei er iranske i Noreg eller norske i Sveits er ofte rekruttert frå ein elite, og bør halda seg langt unna politikken i det landet dei ufrivillig eller frivillig reiste frå. Den makta eksilcubanarar har over amerikansk politikk er eit godt døme på dette.
Kongefamilien får ikkje femten millionar kroner i året for å ha eit privatliv, og viss kronprinsen meiner at hans «flokk», som han refererer til, er barn og ektefelle, har han fundamentalt misforstått si rolle i livet, for hans «flokk» er ikkje eigen familie, men det norske folk, som han har inngått ein sosial pakt med. Og viss han meiner flokken hans er eigen kjernefamilie bør me tilsetja kongefamilien i ein ni til fire jobb med helgefri og rett til ferie, med sterkt redusert apanasje og klår jobbinstruks.
Då Mette Marit var ei ung kvinne krinsa ho rundt eit hovudstadsmiljø som kunne gje henne tilgang til pengar, status eller makt; det same gjorde ho i ein alder av nesten førti år då ho aktivt tok del i Epsteins finanselitenettverk, som hungrar etter ei politisk makt dei ikkje har. Denne åtferda er symptomatisk for det som skjer når kongelege trur dei kan gå inn og ut av private og offentlege roller som det passar dei, og som meiner det er greitt å blanda personleg ambisjon med kongeleg status.
Men me må mange år tilbake for å finna den eigentlege årsaka til dette rotet, og det er fyrst og fremst å finna hos Håkons dårlege dømmekraft då han valde Mette Marit som ektefelle, og dermed som framtidig dronning. Ikkje at ei framtidig dronning må ha kongeleg blod i årene, eller å vera eit dydsmønster, men Mette Marit hadde verken daning, utdanning, personlegdom eller karakter til å fylla rolla som framtidig dronning, verken då eller no. Og Håkon, i lag med noverande konge og dronning, hadde heller ikkje dømmekraft og klokskap til å forstå at dette truleg ikkje ville gå godt.
Derfor er me der me er no: Kronprinsen insisterer på at Mette Marit er Noregs framtidige dronning, men er det norske folk tent med ei framtidig dronning som har vist så dårleg dømmekraft? Skal me kompromittera den norske statsforfatninga for å tilfredsstilla ein omsorgsfull ektemann? Ein kriminell son og ei dotter som studerer internasjonal politikk i Australia (eit marginalt interessant land for ei framtidig norsk dronning), lovar heller ikkje godt, men det er ein anna historie.
Bare eitt svar melder seg: Avskaff kongedommet no!