Stavanger, 19. september 2025
TO USA
USA er under lupa, og mykje klokt blir sagt og skrive om eit polarisert land. Mange av desse konfliktane er i hovudsak interne, gjerne relatert til klasse, etnisitet og identitet, òg med ekko utanfor USA.
Den identitetskrisa som har størst global påverknad er den mellom eit isolasjonistisk og eit ekspansivt USA. Historisk var USA isolasjonistisk, med Latin-Amerika som sin bakgård, men dei siste hundre åra, og spesielt etter andre verdskrigen, har USA vore i eit ekspansivt modus; i våre dagar kjenner me det ekspansive USA att under merkelappen "den regelbaserte orden", der USA dels er verdspoliti for bevaring av ro og orden, dels kuppmakar og revolusjonær for regimeendring. I det store og heile har alle USAs allierte godteke og støtta USA i denne dobbeltrolla.
Innanrikspolitisk er det isolasjonistiske USA ein føderasjon som skal gje velstand ved vokster, låge skattar og balanserte budsjett, medan det ekspansive USA har balanse mellom vokster og fordeling som innanrikspolitisk instrument.
Dei fleste amerikanske presidentar dei siste tiåra har, godt støtta av allierte, vore eksponentar for det ekspansive USA, under merkelappen kamp for demokrati, regelbasert orden og mot autokrati.
Trump II har gjort den amerikanske identitetskrisa med globale ringverknadar synberr: Ein dag skal USA forsvara sine interesser globalt ved å gjennomføra ein ekspansiv agenda, den neste dagen skal USA gje opp global dominans og trekkja seg tilbake til sin kjerneinteressesfære (Nord- og Sør-Amerika).
Dei fleste allierte er under Trump II i ventemodus for den neste ekspansive amerikanske presidenten, eller med von om at Trump omsider vel side.
USA vil truleg svinga mellom isolasjon og ekspansjon i fleire år framover. Dei viktigaste faktorane som påverkar i den eine eller andre retninga er Europas veikskap, Kinas styrke, og Pentagon og allslags tenketankars reknestykke og analyser for evaluering av relative styrkeforhold.
Som tilskodar til denne dragkampen kan det kanskje vera lurt å ta ein pause med allslags analyser: observér kva som blir gjort, ikkje kva som blir sagt!