Stavanger,  26. august 2025

LEGG BORT BIBELEN!

Folkemordet som utfaldar seg i Gaza bør føra til meir enn kjenslemessig og politisk avsky.

Kva slags tankesystem og ideologi har gjeve opphav til folkemordet? Her er skisse til forklåring:

Idéen om ein moderne jødisk stat finn me i europeisk sionisme, som truleg var inspirert av nasjonale straumdrag, kombinert med byggjing av europeiske, koloniale utpostar, kanskje òg med uklåre idéar om kva eit "folk" er. Truleg var det ikkje tilfeldig at sionismen oppstod i den tysktalande delen av Europa; Tyskland var på den tid, altså på slutten av attenhundretalet, svært ekspansivt både politisk og økonomisk.

Men etablering av ein jødisk stat i Palestina, dels ved oppkjøp av land, dels ved bruk av terror, dels hjelpt av luftige lovnader gjeve av Storbritannia (som hadde overteke restar av det osmanske riket), hadde truleg aldri blitt noko meir enn eit abortert busetjartiltak viss ikkje det var for vestverdas dårlege samvit etter andre verdskrigen, og den totale dominans kristne, vestlege nasjonalstatar hadde i FN.

Likevel, i krigar er det gjort urett mot mange folkegrupper; Nazi-Tysklands utrydding av romafolket førte ikkje til skipinga av ein romastat, sjølv om denne utryddinga òg fann stad i Europa. Men ulikt dei europeiske jødane, hadde romafolket ingen mektige menn eller støttespelarar blant stormaktene, og heller ingen ideologi som kunne legitimera opprettinga av ein slik stat.

Det er bibel og kristendom som i hovudsak som har tilført det viktigaste ideologiske råmaterialet for skipinga av ein moderne jødisk nasjonalstat, for den kristne barnelærdommen og bibelen har fortalt oss at jødane er guds utvalde folk, og etter lang tid i utlegd skal eit nytt Israel skipast. Dette tankegodset passa som hand i hanske med vestverdas dårlege samvit overfor sine innbyggjarar av den mosaiske tru - ja, dei som var att etter vår uvilje mot vern av dei, og Nazi-Tysklands systematiske utrydding. 

Di meir bibeltru kristenfolket er, di meir støttar ein Israel i tjukt og tynt. Den bibeltru ser på det moderne Israels ekspansjon i Vest-Asia, inkludert folkemordet i Gaza, som ein moderne, rett nok brutal, versjon tilsvarande den ein kan lesa om i bibelens gamle testamente. Bibelen er full av sorg over øydeleggjinga av det mytiske David-kongedømmet, og draumar om eit nytt Israel. Kva er vel då meir naturleg for dei kristne enn å støtta jødane når dei på nytt samlar seg, etter to tusen år i utlegd? Er ikkje dette ei guds styring?  Vel er prosessen blodig og brutal, men det var han òg då Abraham-stammane hærtok Kanaans land, med krigar- og busetjarguden Jahves påbod om utrydding, drap og valdtekt.

Store deler av den norske politisk-kulturelle eliten, ikkje minst vår uttalt kristne statsminister, meiner at inntrengaren og okkupanten Israel har rett til sjølvforsvar, og at eit desperat fangeutbrot organisert av Hamas frå friluftskonsentrasjonsleiren Gaza var terror. Logikken er snudd på hovudet. Tenk om tilsvarande resonnement skulle bli brukt på den tyske okkupasjonen av Noreg og vår motstand mot denne?

Fylgjene av vår bibeltru utfaldar seg i Gaza, med open og aktiv støtte frå det kristne USA og passiv støtte frå det kristne Europa.

Bibelens gamle testamente, kanskje bortsett frå litt poesi, og svært tvilsam "visdom", blant anna i Jobs bok, kan trygt setjast lengst bak i bokhylla, for denne to tredjedeler av vår bibel er det ideologiske grumset som grunngjev  og rettferdiggjer dagens folkemord. Så kan det leggjast til at det nye testamente kan hende inneheld nokre etiske sanningar (i tillegg til Pauli frelseslære), men dei fleste sanningskorn har mest sams med Ibsens Brand, altså uråd å etterleva i det praktiske liv.

Jødedommen var i to tusen år ein passiv, tilpassande og lite misjonerande religion, i motsetnad til kristendommen, som er aktiv, påtvingande og misjonerande. Etableringa av jødestaten Israel ville vore utenkjeleg utan full støtte frå kristensionismen, som me finn spor av i dei fleste kristne samfunn, og som bibelen - "guds ord" - har gjort sitt til å halda i live.

Eg vil ikkje kristendommen til livs, men skal denne overleva, og skal me vaska av oss skulda for å vera tankemessig fødselshjelpar til folkemordet i Gaza bør i alle fall bibelen leggjast bort. Men er denne religionen liv laga utan bibelen, som er den truande si "brukarhandbok" og guds ord?