10.08.20
Eurosonens økonomi i andre kvartal 2020 hadde negativ vekst på minus 12 %, USA på minus 33 %, mens Kinas økonomi vaks med 3 %. Korleis kan Kinas vekst forklårast? Her er nokre tankar omkring dette, frå ein Kina-observerande ikkje-økonom.
Mange økonomar vil ha oss til å tru at den mest avanserte økonomi er den som er basert på tenester og konsum. Ein industribasert økonomi representerer eit mellomstadium, medan den mest primitive økonomien er basert på produksjon av råvarer (inkludert jordbruk). Den amerikanske økonomien er avindustrialisert og 70 % basert på tenester. Kinas økonomi er industriell. Kan me seia at dess meir teneste- og konsumbasert økonomien er, dess verre råkar slike kriser me har no?
Kinas koronastrategi har vore smitteutrydding, medan Europa og til dels USA har vore mest bekymra for flat smittekurve og nok sjukehuskapasitet (Kina har organisatorisk evne til å etablera kapasitet på kort tid). Den kinesiske strategien, med kontrollert nedstenging, har ikkje bare vore helsemessig vellukka. So langt, med 3 % vekst i andre kvartal er det freistande å konkludera at denne strategien også økonomisk har vore den beste.
Kina har eit grunnleggjande offentleg helsesystem for alle. Noko av det første styresmaktene gjorde då det var klart at ein stod overfor ein alvorleg epidemi var å gjera klårt at all behandling (og all testing) for covid-19 ville vera gratis. Dermed var det ingen grunn til å venta med å gå til lege av frykt for helseutgifter.
Svært mange kinesarar har til ei kvar tid sparepengar tilsvarande minst ei halv årsløn (pensjonistar gjerne meir). Oppsparte midlar gjorde krisa lettare for vanlege folk enn i samfunn der pengar frå lønnsarbeid betaler for dagleg forbruk (India og delvis USA), eller samfunn der lønnsarbeid betaler for lånefinansiert velstand (Norge).
Bønder har truleg klart seg godt, fordi både matforsyning, handel og logistikk har fungert godt; eit avansert apparat for henting og bringing har fungert på høggir heile tida.
Tilsette som har jobb i større private eller statlege verksemder har gjerne hatt ei grunnlønn under nedstenginga, og det er grunn til å tru at desse verksemdene fungerer som før når krisa er over. Nokre har også hatt heimekontor med full lønn. Tilsette i mindre verksemder som har mista jobben har truleg brukt eigne sparepengar under nedstenginga. Me veit ikkje kor mange av desse verksemdene som vil halda fram og gje arbeid etter krisa.
Pensjonistar er det mange av i Kina - om lag tjue prosent av befolkninga er over 55 år. For desse gruppene har det økonomiske livet gått som normalt – dei har ein skattefri pensjon, varierande frå ein region til ein annan; her i Beijing er typisk skattefri pensjon mellom seks og ti tusen kroner per månad.
Det kinesiske folket er stort sett i arbeid. Arbeidsløysa er låg (om lag 6 % for tida), og det er heller ikkje ei stor gruppe uføretrygda, som i Norge. Arbeidsføre som er langvarig utan arbeid er stort sett forsørgja av familien.
Skulepengar på kinesiske universitet og høgskular er relativt låge. Når ungdom er klare for utdanning etter vidaregåande skule har familien spart for dette i mange år, slik at finansieringa er sikra på førehand. Dei fleste studentar er heller ikkje avhengige av ekstrajobb for å finansiera studiar. Korona representerer derfor inga anna krise for denne gruppa enn bortfall av vanleg undervisning i ein periode. Det er innført ekstratiltak for dei som avsluttar studiene og skal søkja jobb i sommar.
Den delen av næringslivet som leverer til den kinesiske marknaden vil truleg klara seg fint, fordi dei med kjøpekraft – dvs. store grupper av tilsette og delvis pensjonistar, har komme frå krisa utan store problem.
Det eksportretta næringslivet vil truleg ha større problem, og her er det grunn til å tru at styresmaktene dels kjem med hjelpetiltak, dels oppfordrar til å retta eksport mot regionar som er mindre prega av ei kommande krise. Ei slik omstilling vil ta tid, men er ikkje urealistisk å få til.
Tenestenæringar – turisme, underhaldning og bevertning - har store problem i Kina, som i mange andre land.
Mistenkeleggjering av Kinas korona-innsats, kombinert med Vestens manglande aksept for Kinas tekniske kompetanse (t.d. innanfor 5G) har så langt vore ei omdømmemessig gåvepakke til dei kinesiske styresmaktene i form av massiv oppslutning i folket. Strategisk har det vore ei tilsvarande gåvepakke, for Kina har sett i gang ei storstilt utvikling for å bli teknologisk uavhengig av det ein opplever som eit uforutseibart Vesten – ein investerer stort i utvikling av integrerte kretskort, operativsystem (både for mobil og datamaskin), mellomdistanse passasjerfly, avanserte vapen osv.
Kinas styrke er finansiell og industriell; tilliten til Kina som ein «god global aktør» er veksande i det me definerer som periferi, men minkande i det me definerer som sentrum. Men med eit «sentrum» som ikkje har utmerka seg med verken samhald eller samarbeid er kan hende dette ikkje eit stort problem. Når støvet har lagt seg trur eg Kinas vellukka handtering av koronakrisa vil gje landets kompetanse, ressursar, styringssystem og kriseleiarskap ein heilt ny legitimitet, først i vår periferi, men seinare også i vårt sentrum.
Koronakrisa vil i fyrste omgang gje ny styrke til Vestens frykt for Kina, og hindra oss i å observera at Kina, med eit samfunnssystem som er meir idiosynkratisk, overflatisk mindre tiltrekkande (for oss), og mykje mindre universelt i sine ambisjonar, etter kvart framstår som ei vellukka diplomatisk stormakt som maktar å dyrka land-til-land vennskap i global målestokk stort sett fråverande militære trugsmål og sanksjonar.
Økonomiske problem i Vesten i kjølvatnet av koronakrisa kan på lengre sikt styrka Kinas strategi, som går ut på å trekka den globale økonomien bort frå den USA-dominerte «Atlanterhavs-strategien» og i retning av sin visjon for eit multipolært globalt samarbeid etter modell av «belte og veg»-strategien, slik at det amerikanske forsøket på ein alternativ indo-stillehavs-strategi med India som samlingspunkt vil stå att som ein bleik og mislukka imitasjon.