Nesten alle båttypar i vår del av verda har bare hatt eitt skrog. Andre stader har fleire skrog vore vanleg, serleg der vind har vore viktigaste framdriftsmiddel.
Den moderne fleirskrogsbåten er utvikla over dei siste femti åra, og faktisk er Noreg eit land som med stor suksess har nytta fleirskrogfartøy til nyttefart - til passasjertrafikk langs kysten, og til bil- og passasjerfart over Skagerak. Utan unntak er desse båtane katamaranar; dvs. dei har to like store skrog. Dei er kjende for å vera både hurtige og sjødyktige.
Ein seglbåt med eitt skrog nyttar vekt for balansering; ein liten båt nyttar mannskapets kroppsvekt, og ein større båt nyttar vekt i kjølen. Utan vektbalansering vil båten krenga, og kanskje også kantra, i sterk vind. For å segla fort må ein ha vekta langt ute (t.d. mannskap i trapes) eller langt nede (t.d. djup kjøl), eller ein kombinasjon av desse to.
Ein seglbåt med to eller tre skrog balanserer ved hjelp av breidde, og krenger mykje mindre enn ein båt med eitt skrog. Fleirskrogsbåtar treng heller ikkje tunge kjølar av bly eller jern. Derfor vil ein lett fleirskrogsbåt under segl akselerera heller enn å krenga i sterk vind.
Trimaranen - treskrogsbåten - er den raskaste av alle seglbåtar; han har eitt hovudskrog, og sideskrog på kvar side av dette, og er nesten like brei som han er lang. Moderne trimaranar har ofte stort volum i sideskroga, og desse vil ofte vera like lange som hovudskroget. Rett eller invertert baug er også eit vanleg syn i dag; ein slik baug går gjennom bølgene i staden for over, men vil også gje meir sjøsprut. Dei fleste trimaranar har senkekjøl eller sverdkjøl i hovudskroget. Det kan vera eitt ror på hekken til hovudskroget, eller eitt ror i kvart sideskrog. Nokre trimaranar har også foilar for stabilisering og større fart.
Høg yting - ei samanlikning av trimaranar
Vekt, breidde, lengde og seglareal er kan hende dei viktigaste faktorane for høg yting. Sjå tabell her for ei samanlikning av fleire små trimaranar, der eg har nytta eit forholdstal mellom vekt og seglareal. Dei minste er opne, dei større har overbygg; dei fleste faldar; nokre er i produksjon, eller har vore det inntil nyleg; nokre er tilgjengelege i form av teikningar eller byggjesett. Eg har ikkje teke med "kajakk-trimaranar", som det er mange av.
Forklaringar til tabell
"Power to weight ratio" (høgast er best) utrekning: Motvinds seglareal delt på netto vekt pluss 200 kg (gjennomsnitts vekt av personar og utstyr) multiplisert med 100. Andre faktorar påverkar også yting, så som skroglengde, motstand, krenging, breidde og vindfang.
"Performance index" (høgast er best) utrekning: Lengde multiplisert med breidde multiplisert med motvinds seglareal dividert på vekt.
Pris er for fullt utstyrt båt, og der bare byggjeland er oppgjeve gjeld det for båt i serieproduksjon. "One-off" indikerer handverksbyggjing basert på teikningar, og prisen er eit grovt estimat; i nokre tilfelle der planar ikkje lenger er tilgjengelege gjev eg estimat for brukt båt.
Ein trimaran er nesten like brei som han er lang; han tek difor mykje plass både under transport, i båthamn og i vinteropplag. Større trimaranar har fastmonterte sideskrog (t.d. Neel). Ein del trimaranar har også sideskrog som kan demonterast under transport eller i opplag på land (t.d. Libertist 853). Slike båtar ligg gjerne i bøye eller ved ei brygge, fordi dei fleste båthamner ikkje tilbyd båtplass for så breie fartøy (eller det kostar for mykje).
Den newzealandske båtkonstruktøren Ian Farrier var den fyrste som utvikla ein praktisk metode for å falda saman ein trimaran. Trimaranar med sideskrog som kan faldast inn mot hovudskroget utan demontering er derfor like praktiske å eiga som ein båt med eitt skrog. Sidan dei heller ikkje har fast kjøl med stor vekt, er dei svært enkle å lagra på ein vanleg båthengar. Mange av dei har også eit system for mastring ved hjelp av utstyr og vinsjar ombord.
Det er fleire metodar for samanfalding:
gardintrappfalding; sideskroga svingar rett inn og delvis under hovudskroget (Farrier, Corsair, osv.)
skyvefalding; sideskroga er monterte på teleskopiske røyr som blir skuvne inn mot hovudskroget (Astus)
svingfalding; sideskroga svingar bakover og inn mot hovudskroget (Dragonfly, Libertist, Tricat, W19)
hengslefalding; sideskroga er monterte på hengsle, og svingar opp og kviler oppå hovudskroget (W17, Discovery 21)
Mike Waters´ Small Trimaran Sailing Tips
Les Mike Waters utmerka handbok med segleteknikk for små trimaranar på nettet:
Kva er galt med eittskrogs-seglbåten? I alle fall ikkje det estetiske - ein smekker eittskrogs seglbåt er, etter mitt hovud, vakrare enn ein trimaran med sine bjelkar og skrog i ulik storleik; dei mange "kransekake-katamarane" som er på mode i dag er heller ikkje serleg vakre. Så kva er problemet med eittskrogs-seglbåten?
eittskrogs seglbåtar med fast kjøl og ballast kan synka
dei fleste eittskrogs seglbåtar er ikkje raske; rundt 4-6 knop er nokså vanleg fart; så om du startar turen inne i ein fjord kvar gong, kjem du aldri langt på ein dagstur, serleg ikkje om du har vinden imot.
eittskrogs-seglbåten er komfortabel i hamn og under motor, men under segl krengar båten; kanskje kjekt for den ivrige seglar, men for dei som må ta spenntak for å nyta inventarets komfort er dette ei blanda oppleving. Tenk deg at du eigde ein flott bustad som du levde i, men i 20 graders vinkel, eller om du kjøpte ein flott bil med all verdas komfort som alltid krenga kraftig til eine sida under køyring!
Her er ei oppsummering av trimaranens fordeler og ulemper:
Fordeler:
lite krenging, og dermed meir komfort
svært trygg, fordi båten er synkefri
stor fart, rask akselerasjon, og dermed større rekkevidde
seglar godt også i lite vind
stor dekksplass
låg vekt
kjøl som kan hevast gjer at skroget ikkje stikk djupt
Ulemper:
begrensa kabinplass, fordi hovudskroget er langt og smalt
tre skrog og rigg med store krav til styrke gjev høge byggjekostnader og høg salspris
begrensa marknad for brukte trimaranar
trimaranar som ikkje kan faldast er dyre å halda båtplass til
stort vindfang og lett vekt gjer at båten taper fart like fort som han vinn fart
vanskeleg å manøvrera for motor under liten fart, fordi senkekjøl/sverd er laga for å vera effektivt under høg fart
Den beste kjelda til informasjon om mindre trimaranar (under 10 m) er Mike Waters' nettstad Small Trimaran Design.
Les Mike Waters' artikkel om sideskrog-konstruksjon her.
Corsair Dash 750 mk.1 (2010)