5.02.24
Viss dei mange krigar vestverda, og spesielt USA, har starta i dei siste sytti åra hadde som mål å erstatta diktatur med demokrati, kaos og stagnasjon med orden og utvikling, og undertrykking med frigjering, har nesten alle krigane vore mislukka. Krigane har også hatt det til felles at dei har vore asymmetriske ved at angripar har hatt overlegen i slagkraft og store ressursar; krigane har presumptivt hatt dei edlaste sivilisatoriske motiv - for menneskerettar, demokrati og fridom. Krigane har også hatt det sams at angriparen aldri har lagt planar for eige krigstap.
Om ein har det synet at NATO er ein fredsorganisasjon, og ikkje ein militærallianse, er all ekspansjon av denne alliansen, kvar som helst i verda, av det gode. Men det er nesten bare medlemslanda, i lag med nokre assosierte land, som har ei slik oppfatning. Det russiske synspunktet, at ein NATO-ekspansjon austover er ein provokasjon, er eit synspunkt som fleirtalet av verdas folk og statar lett kan slutta seg til.
Når Noreg ifylgje PSTs siste trugsmålsvurdering oppfattar geografisk fjerne statar som Iran, Kina og Nord-Korea som trugsmål, skal det ikkje mykje fantasi til å skjøna at Russland oppfattar ein austleg ekspansjon av NATO til sitt naboland som eit trugsmål.
Russlands syn, at NATOs ekspansjon til Ukraina er eit eksistensielt trugsmål, er den enklaste forklåringa på at me har ein krig i Europa. Kvifor ty til russofobiske domino- og imperiebyggjingsteoriar? Ockhams barberkniv gjeld fullt ut for å forklåra konflikten mellom Russland og NATO.
Norske militærekspertar har kan hende kunnskap om krigskunst, men har prova å ha sers lite kunnskap om den eigentlege drivkrafta i ein krig - militær slagkraft bygd på industriell kapasitet med våpen som er produserbare i store kvanta, gode nok for formålet, og ukompliserte med omsyn til vedlikehald. Det meste desse ekspertane har sagt om det russiske militærindustrielle komplekset har vist seg å vera feil.
Når dei som støttar Ukraina no etter kvart bare kan tilby finansiell, og ikkje materiell støtte, er dette resultatet av ein forsvarsindustri som er blitt privatisert, redusert, stykka opp, sett på tilbod og flytta her og der. Russarane har storskala industriell produksjon, me har dyrt militært "kunsthandverk"; fagkompetanse for elektro-mekanisk produksjon har me heller ikkje lenger, for krigsmateriell er presisjonsmekanikk, ikkje grovt plate- eller røyrarbeid som ein olje- og skipsnasjon som Noreg enno har litt av.
Russland fører krigen på sine premissar - altså primært ein utmattingskrig, og sekundært ein territorialkrig. Russisk økonomi har ikkje kollapsa, folket har ikkje vendt seg mot styresmaktene, industrien går for fullt; hæren har heller ikkje rekrutteringsproblem. Samarbeidet med verdas største industrinasjon Kina er også utmerka, og skulle det knipa med dei materielle leveransane har Russland gode relasjonar til både Nord-Korea og Iran, som har våpen i hopetal. Tida er også på Russlands side.
For den som vil sjå, tyder alt på at Russland sakte men sikkert vil hala i land ein militær siger, utan kollaps verken i økonomien eller i forsyning av soldatar og krigsmateriell. Ein militær siger vil setja Russland i ein sterk forhandlingsposisjon. Eitkvart kompromiss som tyder NATO-medlemskap er uaktuelt; i verste fall kan Russland bare halda gåande ein lågintensiv konflikt med Ukraina for å gjera NATO-medlemskap illusorisk.
Kor er dei realistiske diskusjonane i norske media om enden på krigen? Har me planar for ulike utfall av krigen, også den at Russland vinn? Eller vil utgangen på denne krigen likna på utgangen på krigane i Vietnam, Afghanistan, Libya og Irak, altså at me innser tapet, luskar oss ut døra og så gløymer krigen som best det let seg gjera etter tapet?