Stavanger Aftenblad, 6. jan 2025; med mange sinte kommentarar!
Vinterhyttesesongen er i gang. Ja da, for dei som har arva eller har mykje pengar er det også ein sommarhyttesesong, gjerne i ei anna hytte.
Sjølv vaks eg opp meir nomadisk, med lærarfar som hadde lange sommarferiar, og me ferierte i telt, ikkje i hytte. Teltlivet etablerer ikkje nye nabonettverk, bare dei aller flyktigaste på ein kampingplass nokre dagar, før ein hastar vidare. Teltlivet treng heller ikkje komplisert infrastruktur – ei open mark er nok. Teltet er også bortimot vedlikehaldsfritt.
Den moderne hytta med elektrisitet, internett, veg, vatn og kloakk er truleg meir skadeleg for naturen enn ein vindturbinpark.
Hyttelivet gjer at du legg beslag på ressursar og tenester i ein kommune du ikkje skattar til.
Hytta er skjult formue; ho er verdsett til tretti prosent av marknadsverdien, og dermed ei nyttig investering for dei som vil skjerma formuen for skatt, men økonomisk dårleg for fellesskapet.
Hyttelivet er asosialt, for hytteeigaren reiser gjerne bort i helga, som er den tida dei fleste har tid til sosialt samvær.
Hyttelivet er sosialt oppsplittande, for ein endar gjerne opp med to sosiale nettverk – heimenettverket og hyttenettverket.
Hyttelivet hindrar integrasjon av dei nesten tjue prosenta av folket som er innvandrarar, fordi hyttelivet er innvandrar-ekskluderande, både økonomisk og kulturelt (når såg du sist ein somaliar eller eritrear i ei hyttegrend)?
Hyttelivet, med eit vêrutsett bygg som krev mykje vedlikehald, stel tid frå sosialt samvær – hammar og malarkost blir viktigare enn samtalen rundt eit middagsbord.
Hyttelivet stel tid og ressursar frå helgebasert fritidsaktivitet, dugnadar og anna frivillig arbeid.
I staden for det privatiserte hyttelivet, bruk heller pengar på overnatting i gamle fyr, turisthytter og høgfjellshotell.
Til sist: Du treng ikkje dra på hytta for å gå på tur; der går du uansett dei oppgådde rutene frå fleire tiårs hytteliv. Naturopplevingar og turgleder finn du like godt i nærmiljøet.