26.05.20

Korona og den farlege "våtmarknaden"

"Våtmarknad" er vårens nyord på norsk, og etter alle skriveri i vestlege media gjev ordet assosiasjonar om ein stad der alle ville dyr i naturen er til sals; der virus og bakterier ynglar, og hygienen er mangelfull.  No har eg reist inn og ut av Kina i snart førti år, lukkeleg uvitande om alle fårer som lurer på ein kinesisk bondemarknad - takk til alle journalistar som kraftfullt har åtvara meg arme menneske mot den livsfarlege våtmarknaden!

Litt rydding i omgrepa rundt dette trengs:

For det fyrste er "våtmarknad" ikkje noko anna enn ein marknad som sel ferskvarer (i motsetnad til tørrvarer). Dei fleste slike marknader sel kjøt og fisk (altså dyr for konsum som ikkje lenger er levande); unntaksvis fins også marknader som sel levande dyr (tradisjonelt er det gjerne kylling og fisk, men det kan vera anna).

Dei fleste byar i Kina (også Hong Kong) har ferskvaremarknader; her eg bur i Beijing har me to slike i nærleiken - populære blant både fastbuande og utlendingar her i byen.

I svært mange land i Europa er slike marknader også vanlege.

For det andre blir det gjeve inntrykk av at kinesarar et alt mogleg. Men faktisk er kinesiske kjelder til protein langt meir begrensa enn våre. Blant dei animalske kjeldene er fisk, svin, kylling og and dei vanlegaste.  Svært mange et verken storfe, småfe eller anna fjørfe. Mange har derimot høyrt om eting av meir eksotiske dyr; men eksotisk konsum er slett ikkje spesielt kinesisk - ein jålete "overklassemeny" her heime kan også flotta seg med kjøt som ikkje er sundagsmat hos Hansen og Jensen.

Vestlege media har teke til orde for stenging av "våtmarknader" og full stopp i handel med ville dyr. Vel og bra! Då er det interessant å sjekka om me sjølv tek medisinen som me gjerne vil administrera til andre:

Eting av vilt, og slakting, partering og sal av dette er heilt vanleg i vårt land. Sjekk på finn.no, og du finn villsvin, hjort og anna kjøt til sals; også levande dyr  - heilt utan kontroll etter det eg kan sjå. Skal me forby denne praksisen? 

Ein av landets største frivillige organisasjonar - Norges jeger- og fiskerforbund - lever av og promoterer lystmord i naturen (betre kjend som "jakt"), med påfylgjande partering og konsum. Skal me forby denne organisasjonen?

Skal me stenga Gladmatfestivalen og andre marknader som tilbyd vilt og heimeslakt?

Reflektér også litt over vår praksis med buring inne av sylvrev og mink (for ikkje å snakka om gris og kylling); dei som har teke til orde mot slik praksis, både med tanke på etikk og smittefare har vore marginaliserte og til dels latterleggjorte i det norske ordskiftet.

Matteus 7,3-4: Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje? Eller korleis kan du seia til bror din: ‘Lat meg ta flisa ut av auget ditt’ når det er ein bjelke i ditt eige? 

Get Started No